Viser innlegg med etiketten barne- og ungdomslitteratur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barne- og ungdomslitteratur. Vis alle innlegg

torsdag 13. november 2008

Bella & Gustav


Var du barn i 1983? Det var eg. Rett nok eit litt eldre barn enn målgruppa for Eva Erikssons forteljingar om Bella og Gustav. Men eg likte dei små forteljingane kjempegodt, og kan hugse at eg las dei om att og om att. For eit par år sidan lånte eg Bella og Gustav. Fire bøker i ett bind (Bokklubbens barn 1983) heim for å sjå om vesleguten og falt for forteljingane. Det vart suksess. Såpass stor at eg måtte låne boka att no i haust for å friske opp minnene.

Alle dei fire forteljingane har stor sjarm, men eg liker best Hokus pokus eller da Gustav ikke ville legge seg, og Tannreisen. I Hokus pokus tryllar Gustav seg om til ei heks for å sleppe å leggje seg. ”Det er en liten, men utrolig gammel heks. Sekstitretti år! Hun har tryllet bort Gustav. Hokus pokus bare. Så nå kan han faktisk ikke gå og legge seg. – Dessverre! kakler heksa.”


Eva Eriksson har sjølv illustrert bøkene sine. Midt i blinken-illustrasjonar som gjev mykje til både ein liten og ein stor lesar. Tekst og illustrasjon spelar på lag, og ikkje alt trengst å seie to gonger, dvs. både presenterast i tekst og bilete.

No kjenner eg at eg har vanskeleg for å levere boka på biblioteket, og mykje tyder på at eg må ut på bruktbokmarknaden for å finne denne vesle boka igjen. Den passar så godt i bokhylla mi.

P.S. På leit etter illustrasjonsbilete, fann eg denne nettsida om biletboka. Vel verdt eit lite besøk om ein ønsker å bli betre kjend med Bella og Gustav.

mandag 3. november 2008

Spennande, spennande


Johan Harstad er ikkje min type forfattar har eg tidlegare så bastant proklamert. Eg har prøvd meg på både Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, og Hässelby, men har ikkje klart å fullføre nokon av dei. No var eg nøydd til å ta fatt på ein tredje Harstad-roman, i embeds medfør. Som ein del av kulturbyåret Stavanger 2008, skal alle niandeklassingane i Rogaland skal få Johan Harstad sin nye spesialskrivne roman Darlah som kom ut på CappelenDamm no i haust. Eg skal vere med på overrekkinga i min kommune i morgon, og i det høvet har eg lese boka.

NASA, USA sitt sentrale organ for romforsking, set under mystiske omstende i gang eit lotteri for ungdom over heile verda mellom 14 og 18 år. Premiane er gjeve; 3 ungdommar skal verte trekte ut til å bli med på ei romferd til månen, til ein månebase, Darlah, som ingen nokon gong tidlegare har høyrt snakk om. I ei storstilt reklamekampanje vert ungdommar oppmuntra til å melde seg på i konkurransen.

Vi møter Mia frå Stavanger som spelar i band, Midori frå Tokyo som ikkje føler at ho passar inn blant dei andre ungdommane ho går på skule med, og Antoine frå Paris som er saman med drømmekjærasten.

Darlah har alt ein ungdomsroman treng for å bli ein god ungdomsroman: Kjærleik, teite foreldre, spenning, kjærleikssorg og ei kjensle av å vere annleis. Dette er verkeleg ei spennande bok, så spennande at det av og til gjekk kaldt nedover ryggen på meg. Men det er med Darlah som mannen min seier det er i filmen Haisommer: Det er skumlast før ein ser haien. Likevel er dette ein ungdomsroman vel verdt å lese, og eg trur mange ungdommar vil like han godt.

mandag 27. oktober 2008

Ei fantastisk vindfelle


I går var heile familien på førestillinga Vindfella på Kvassheim fyr. Førestillinga var ein del av Stavanger 2008-prosjektet On the Edge. Bjørn Arild Ersland las frå den nye boka si Doktor Løvlands vindfelle til musikk av og med Johan Egdeveit og Odd Børge Sagland, og til visuell kunst (som det heitte i reklamen) av og med Vegar Hoel. Og for ei fantastisk førestilling!


Å høyre forfattarar som les godt lese frå eigne bøker, er alltid gildt. Eg har ikkje tidlegare høyrt Bjørn Arild Ersland lese høgt, men kan seie no: Han er verkeleg god. Han har ei behageleg stemme, og les med innleving, samstundes som han les svært tydeleg. Johan Egdeveit spelte knappetrekkspel (akkordeon?), medan Odd Børge Sagland spelte trommer. Musikken var spesiallaga til førestillinga, går eg ut frå. I alle fall passa han svært godt. Både vind, torever, kjærleik og spenning vart flott uttrykt av desse to. Det same klarte Vegard Hoel med to videoprosjektørar, som skiftevis viste illustrasjonar frå boka (laga av Marvin Halleraker), flotte naturfotografi og illustrerande teiknekunst (laga av Vegar Hoel på staden). Skiftevis er forresten ikkje eit dekkande ord. Nokre gonger låg dei ulike elementa oppå kvarandre, nokre gonger ved sida av kvarandre, og nokre gonger fekk Hoel dei til å sveve rundt, på vegger, tak, golv og publikum.


Alle dei fire (fem om ein inkluderer Halleraker) gjorde sitt til at det vart ei førestilling som kjem til å sitje i minnet lenge, men utan forteljinga til Bjørn Arild Ersland, ville ikkje dei andre hatt noko å bli inspirerte av. Doktor Løvland, som ikkje er ein doktor som veit skilnaden på ei forkjøling og eit beinbrot, har sett seg føre å lage ei vindfelle, for å skåne øya Kavre og innbyggjarane der (kavringane) for den store tyfonen som skal kome. Ved hjelp og inspirasjon av Merete, som han nok vert forelska i, greier han å lage ei stor vindfelle. Beskrivinga av korleis han vert inspirert, korleis han byggjer vindfella, og korleis ho virkar er humoristisk og lun. Dette er ei bok som er perfekt til sitje-i-armkroken-lesnad for dagar der ein treng litt humor ilag, men ho passar og bra til høgtlesing for større grupper.


Heldigvis låg det eksemplar til kjøps på fyret. Vi kjøpte. Det bør du og gjere. Eller låne, sjølvsagt. Og om du skulle vere så heldig at denne førestillinga kjem til ein stad i nærleiken av der du bur, så bør du ikkje tenkje at 250 kroner er mange pengar for ein familiebillett. Vindfella er verdt kvar krone!

mandag 13. oktober 2008

Humor-elgen


Bjarte Bjørkum: Elg i solnedgang. Gyldendal 2008


Humor er absolutt mi greie. Humor er viktig i livet mitt. Eg liker bøker som får meg til å le. Men eg har av og til problem med bøker som svært intenst legg opp til at dette verkeleg skal bli morosamt. Som går ut frå at alle lesarar, også eg, skal le. Særleg har eg problem når dette er bøker som eigentleg er retta mot barn. Ikkje min humor, tenkjer eg. Dårleg kvalitet, tenkjer eg. Førehandsdømming? Generalisering? Jau, eg ser den. Men slik er det altså fatt med meg.

Elg i solnedgang av Bjarte Bjørkum var ei slik bok. Eg fekk henne anbefalt som høgtlesingsbok for vesleguten av ein god kollega. Det var ei bok eg absolutt ikkje ville valt å teke ut av hylla sjølv, men gode kollegaar skal ein lytte til. Vi trengde ei høgtlesingsbok medan vi venta på nummer-fire-Påsån, og det blei denne.

”Maurar er dei minste dyra Thomas og bestefar må hanskast med i denne historia. Dei er så små at dei mest ikkje er til å sjå. I ei bok som denne blir dei heilt usynlege. Så usynlege at denne boka ikkje handlar om maur i det heile teke, men om elg.” (Frå Bjarte Bjørkum: Elg i solnedgang, Gyldendal, 2008: frå baksideteksten.)

Denne teksten, fint oppkrydra av ein morosam illustrasjon, fekk vesleguten min svært interessert, og han humra i veg frå første kapittel. Thomas og bestefaren får ein elg og hanskast med, og det skapar ulike forviklingar. Eg las høgt, prøvde å vere engasjert, men i smug dreiv eg med denne-boka-er-keisam-vanen min, eg sjekka kor mange sider som var att av kapittelet. Etter nokre kapittel var ikkje dette nok. Eg måtte sjekke kor mange sider av boka som var att. Dermed hende det. Eg gjorde det eg elles aldri ville gjort: Eg las litt av slutten. Rett nok var det eg las eit såkalla bonuskapittel, men det hadde altså ein svært god effekt på bokengasjementet mitt. Der eg tidlegare hadde smilt litt tafatt og på skrå når sonen min lo over eit av dei mange morosame poenga i boka, lo eg no med. Eg hadde forstått at dette faktisk ikkje var så dårleg som eg trudde. Det var jo faktisk ganske bra. Og ganske morosamt og.

Absolutt noko å tenkje på neste gong fordommane kjem føre opplevinga av boka.

lørdag 11. oktober 2008

Å lese dialekt

Vidar Sandbeck: Påsån. Cappelen, 1993.



Eg liker ikkje å lese dialekt. Bokmål går greit, nynorsk går bra, men dialekt er noko som høyrer det munnlege språket til, tykkjer eg. Og er nær ved å steile når eg (altfor ofte) finn min eigen dialekt (jærsk) i skriftleg form. Ein uting!

Men gje meg ei god historie i bokform, av ein relativt kjend forfattar, skrive på ei dialekt som liknar svært på den som ein annan, endå meir kjend forfattar har trekt fram i lyset ved å lese og synge på radio, og eg les i veg og kjenner ingen irritasjon. Snarare tvert om, skal det vise seg.

Påsån har fått plass i heimen vår. Vesleguten ønsker høgtlesing morgon og kveld, og mamma er ikkje vanskeleg å be. Vidar Sandbecks tre første bøker om Påsån, Ferie i hamnehagan, Den rutete elefanten og Den nye gutten, kom i 1993 ut i samla form i boka Påsån. Denne er det som har gledd oss dei siste par vekene. Påsån, ein redd liten gut med stor fantasi, som saman med kameraten Nils Brua leikar seg gjennom kvardagen, gler både liten og stor. Vesleguten min sit heilt stilt og får med seg kvart ord. Av og til må mamma forklare. Og vi frydar oss over påfunna og ler med dei to leikekameratane. Og det vert krise i heimen når det viser seg at dei to neste Påsån-bøkene som mamma har drege med seg heim frå biblioteket, ikkje er dei to neste, men nummer seks og ni, og at vi faktisk må vente før vi kan lese vidare. Aller nådigst får mamma starte ei anna høgtlesingsbok medan vi ventar, men kronologi-sjekke-svikten vert ikkje gløymt, og vi må vere nøye med bestillinga av neste bok.

fredag 10. oktober 2008

God bok! Sterk historie!

Aina Basso: Ingen må vite. Samlaget, 2008.



Alle meldingane eg har lese om Aina Bassos Ingen må vite har vore gode. Eg har ikkje noko nytt å føye til, men eg er samd i dei gode meldingane. Det er ei sterk historie. Ei historie som grip meg. Godt fortald og med eit fantastisk språk. Eg føler meg heldig som har fått lese denne forteljinga. Føler meg heldig som eig boka. Og glad for at eg når det vert måndag, og eg igjen skal på jobb, har ei heilt ny bok å putte i hylla merka Tove anbefaler. Dette er ei bok eg ikkje vil nøle med å anbefale korkje til ungdom eller vaksne.

I eit intervju i Dag og Tid for ei tid tilbake vart Aina Basso spurd om ho var redd for å bli ein einboksforfattar. Det meinte ho at ho ikkje var redd for. Men Aina, eg er redd for det. Ikkje slik å forstå at eg trur det er sannsynleg. Heller redd for i tydinga bekymra for. Eg vil nemleg svært gjerne at du kjem med mange bøker! Slik at eg kan få lese dei. Og bli gripen. Bli glad for det gode språket.

torsdag 9. oktober 2008

Lesestart

Eg har rett og slett vore nervøs. Boka har lege der og freista, men ho har samstundes lete meg skyve henne bak i køen. Eg hadde så lyst til å like henne. Å ikkje like henne ville vore ei ærleg sak. Men eg har følgd prosessen frå forfattar til forlag, fram og tilbake i mange rundar, og har kjend at eg har vore spend på resultatet. Og ikkje nok med det. Det har kome meldingar. Mange meldingar. Gode meldingar. Svært gode meldingar. Men tenk om eg ikkje ville like henne likevel?

Nervøsiteten følgjer meg fire-fem sider. Eller, eigentleg veit eg ikkje om det er så lenge ein gong. For brått er det gått ein time, nitti sider, og det er langt over leggetid.

torsdag 2. oktober 2008

Vennene har blitt uvenner


I 2005 kom Trond Brænne og Per Dybvig med biletboka Venner, som handla om vennene skjæra, høna, hesten, grisen og kaninen. I år har Kaia, Bendik og Trond Brænne saman med Per Dybvig kome med ny bok om vennene på garden. Denne gongen vert dei uvenner på grunn av misforståingar og krangel om ein pinne.

Eg likte Venner, men Uvenner fell endå betre i smak hjå meg. Det heile startar med at skjæra ryddar i reiret sitt. Under ryddinga tek ho ut alle kvistane frå reiret og legg dei i ein haug på bakken. Dermed startar ein slags stafett av dyr som finn ein pinne dei likar: ”Det var sannelig en fin pinne, tenkte [høna]. – Den får jeg sikkert bruk for en gang.” (Frå Kaia, Bendik og Trond Brænne: Uvenner, Aschehoug, 2008: andre oppslaget.)

Repetisjonane er morosame, og forventningane stig hjå lesaren ettersom ein lurer stadig meir på korleis dette skal ende. Det går som det må gå; til slutt vert det ein slåsskamp, så brutal at pinnen vert øydelagt. Og enden er langt frå god, men peikar kan hende mot endå ein oppfølgjar? Mitt store ønske er at Trond Brænne tek med seg Kaia og Bendik også neste gong.

onsdag 1. oktober 2008

Ein vakker dag


”Ein vakker dag kjem ho nok heim, tenkte Piip mens ho la seg tettare inntil Pappafuglen.” (Frå Ingeborg Eliassen: Ein vakker dag, Orkana, 2008: siste oppslag.) Ein vakker dag er forteljinga om to fuglar som ventar på at egget deira skal kome ut. Det er også forteljinga om korleis hofuglen, etter at egget har blitt lagt i reiret, flyg vekk, og let hanfuglen ta seg av eggklekking og fuglungemating aleine.

Perspektivet i forteljinga (etter at Mammafuglen har flyge sin veg), bytar mellom Mammafuglen og fuglungen som vert klekka ut, Piip. Mammafuglen tenkjer på ungen som er utklekt, og bestemmer seg for å fly heim til ungen sin ”ein vakker dag”, men det er stadig noko som kjem i vegen for dette. Piip saknar å ha ei mor, og partia der vi får høyre om korleis Piip har det, har eit sårt, men håpefyllt drag.

Boka er nydeleg illustrert av Justyna Nyka, og oppslaga er vakre, sjølv om eg tykkjer det var snodig med både stor skilnad på punktstorleik og tekstmengd på dei ulike oppslaga. I biletbøker vert det ofte brukt som effekt, og illustrerer til dømes kor viktig nokre ord er, eller kor høgt nokre av karakterane snakkar. Her ser det ikkje ut til å vere nokon spesiell grunn. Kan det vere for å spare oppslag?

Ein vakker dag er ikkje ei typisk happy ending-bok, og seksåringen min, som har levd eit trygt og skjerma liv til no, såg på meg og kom med eit sårt ”Ja, men...?” då eg hadde lese boka ferdig for han. Deretter ein lang tenkjepause. ”Det kjem nok eit framhald på den boka der,” sa han, litteraturkjend og skråsikker. Eg var ikkje heilt av same oppfatning, men vakta meg vel for å seie det høgt. Og er glad at det kjem ut eit så stort mangfald med bøker for ungar i dag. Denne gjer både barna og dei vaksne rikare, trur eg.

mandag 1. september 2008

Vi les barneklassikarar - om att og om att


Vesleguten les sjølv, men det er stadig like stas både for han og meg å få han i armkroken og lese høgt. Sidan mamma elskar teikneseriar, men ikkje les hans eigen favoritt Donald Duck, må mamma brukast til andre høgtlesingsfavorittar. Om att og om att trekkjer han Janosch fram frå hylla. Sjølv hugsar eg forteljingane om den vesle bjørnen og den vesle tigeren frå Barne-TV, men har og lese dei som liten lesar. Eller, liten var eg nok ikkje. Trur nok at eg følgde med på Barne-TV lenger enn NRK la opp til, men eg treivst med det.


Då Samlaget kom med ei ny samlebok om tigeren og bjørnen i 2004, Med tigeren og bjørnen til Panama, var eg ikkje sein om å trykke på Kjøp-knappen på Blåmann barnebokklubb sine nettsider. Dei seks forteljingane gler vi oss over igjen og igjen, både vesleguten og eg. Janosch har småfilosofiske og humoristiske tekstar, og flotte illustrasjonar som fortel ei breiare historie enn den teksten gjev. Nokre gonger er humoren synlegare for vaksenlesaren enn for barnelesaren. Trur ikkje eg er den einaste vaksne som kjenner meg igjen i dette vesle sitatet:


Om natta vekte den vesle tigeren den vesle bjørnen og sa:
"Det er noko meir eg må seie deg før du sovnar [...]"

(Frå Tigerpost i Med tigeren og bjørnen til Panama, Samlaget, 2004, s. 112. Omsetjinga frå tysk til glitrande nynorsk er gjort av Hanna Midtbø.)

søndag 3. august 2008

Oppsummering eit stykke ut i året

5. januar skreiv eg om leseplanane mine for 2008. Dei fleste av bøkene eg hadde planar om å lese, har eg faktisk fått lese, ser eg:

Johan Harstads Hässelby
hadde eg starta på, men sleit med å halde fram med. Eg heldt aldri fram, men fann ut at eg ikkje er ein Harstad-lesar.

Jens M. Johanssons Bisettelsen har funnet sted
var eg halvvegs i. Denne novellesamlinga las eg ut, og eg likte henne godt.

Hanne-Vibeke Holsts Min mosters migrene eller Hvordan jeg ble kvinne
var eg og komen eit stykke i. Las ferdig og likte.

Eg planla også å lese Kyrre Andreassens Svendsens catering, Yvonne C. Kuhns Den riktige Rafferty, Fred Uhlmans Forsoningen, Lene Kaaberbøls Skuggeporten, Ellisiv Lindkvists Alt jeg skriver er sant og Alexandra Fullers Ikke la oss gå i hundene i kveld. Desse er alle lesne og likte.

Kristin Auestad Danielsens Nynorsken og Margaret Skjelbreds Andrea D starta eg på, men likte ikkje.
Erling Aadlands Ditt uforglemmelige fravær er den einaste boka eg planla å lese som eg ikkje har hatt i hendene enno. Men det er nokre månadar av 2008 igjen, så det skal vel la seg gjere å lese den og.

Til no i år kan gamleskattkista fortelje meg at eg har lese 36 bøker. 34 av dei likte eg. 6 av dei er teikneserieromanar.

lørdag 26. juli 2008

Bok blir film

Denne våren/sommaren har eg sett 3 filmar som er filmatiseringar av bøker. To av dei likte eg godt, den tredje var eg ikkje overvettes begeistra for.

I april såg eg Mannen som elsket Yngve på Saga kino i Oslo. Boka las eg då ho kom, og eg tykte det var ei god bok. Filmen likte eg endå betre. Det skal ikkje så mykje til for at eg skal gråte når eg ser film, og på denne kom det mange tårer. Allereie då eg såg Yngve, tenkte eg "Stakkars deg! Tenk på alt det fæle du skal gjennom!", og fekk stor klump i halsen. Det at filmen ikkje var heilt "korrekt" i forhold til boka, gjorde ingenting, tykte eg. Historien kom likevel klart fram, og dessutan - det var lenge sidan eg hadde lese boka. Har fått med meg at ein Dagbladet-journalist meinte at filmen absolutt ikkje spegla 80-talet, men eg er samd med Elin frå Av en annen verden som meiner at filmen gav ei gjenkjenneleg glede for oss som var ungdommar på slutten av dette tiåret. I alle fall koste eg meg stort - og brukte opp to pakkar papirlommetørkle...

I juni lånte eg heim Charlie og sjokoladefabrikken frå biblioteket. Det var den nye Johnny Depp-versjonen; den gamle filmen har eg førebels ikkje sett. Då eg var liten, var Frank Roberts lydbokversjon av Charlie og sjokoladefabrikken noko eg kunne høyre om att og om att utan å gå lei. Det var dermed kjent stoff eg skulle sjå filmversjonen av, sjølv om det var ein god del år sidan sist eg høyrde lydboka. Men eg likte det eg såg - også der filmversjonen byggjer vidare på Roald Dahls historie og lagar ein barndom for Willy Wonka. Sidan har jo Charlie og sjokoladefabrikken gått som P2s sommaropplesing dei to første vekene av juli, så vi har riktig fått Willy Wonka-kost oss i sommar her i heimen.

Tredje film ut såg eg no i juli. Boka Saman er ein mindre aleine er mi absolutte yndlingsbok, og etter å ha høyrt forfattaren Anna Gavalda seie på radio at ho tykte at filmatiseringa vart skikkeleg dårleg, var eg jo litt skeptisk til å sjå filmen. Men filmen har fått gode kritikkar, og fleire eg kjenner (også av dei som tidlegare har lese og likt boka) har hatt stor glede av filmen, så då han blei kjøpt inn til biblioteket, lånte eg han heim. Men SKUFFA er nok eit litt tamt ord for det eg kjende etter at eg hadde sett han. Filmen fekk etter mi meining ikkje fram noko av det fine samspelet mellom hovudpersonane som ein finn i boka, og heller ikkje i det heile kor store problem Camille hadde. Og så slutten, då. Den var jo heilt feil!!! Nei, eg skulle nok halde meg unna. Forstår heller ikkje heilt at folk som ikkje har lese boka tykte at dette var ein så god film, for etter mi meining var det ein del episodar som hang heilt i lause lufta. Mannen min lurte til dømes på kor det blei av sjalusidramaet mellom Franck og Philibert. Han har ikkje lese boka, og fekk det inntrykket gjennom filmen at Philibert var forelska i Camille. Huttetu! Filmen kan, som de sikkert skjønar, ikkje anbefalast.

søndag 2. mars 2008

Lene Kaaberbøl: Skuggeporten


Eg er svært glad i å lese fantacyromanar skrivne for barn og unge, og den nye boka til Lene Kaaberbøl var ikkje noko unntak: Snop for meg!


Mor til Anna forsvann for sju år sidan, og sidan har Anna og faren budd i eit drivhus i hagen, sidan faren meiner det er for farleg å bu inne i huset. Men no er Anna fjorten år, og treng fleire svar og betre forklaringar enn dei ho tok til takke med då ho var sju.


Eg las Skammarens dotter då den kom i 2003, og likte ho godt. Når ein jobbar i skulebibliotek på ein nynorskskule, er det og herleg kvar gong det kjem ut ei god bok på nynorsk. Skuggeporten kan falle i smak hjå mange av mine lånarar, trur eg.

onsdag 12. september 2007

Ungjenter i romanform



Sidan sist har eg lese ferdig Bente Clods trilogi Englekraft (2004), I vilden sky (2005) og Himmelfall (2006). Eigentleg er dette ungdomsromanar, men kva gjer vel det? Vil ein ha ei god leseoppleving, kan ein fint heve seg over båsane litteraturen vert sett i. Og dette er verkeleg gode leseopplevingar for meg. Hovudpersonen Thilde er 19 år og bur i København der ho prøver å bevege seg frå det rusmiljøet ho lenge har vanka i og inn i eit "streitare" miljø der ho prøver å lære meir om det ho likar best å gjere, nemleg synge. Bøkene er godt skrivne, og eg føler meg ofte jaga gjennom sidene, for tempoet skiftar etter Thildes sinnsstemningar. Eg har kost meg gjennom alle tre romanane og vil på det sterkaste anbefale andre å lese dei!

Etter Clods trilogi gjekk eg rett på Klasse av Curtis Sittenfeld. Denne hadde eg store forventningar til etter den gode anbefalinga hjå Bookhouse Girls. Men etter Bente Clod nådde ikkje denne opp. Jau då, eg småhumra litt, kjende meg absolutt igjen, og eg las heile romanen, noko som tyder på at eg ikkje akkurat mislikte han. Men det tok ikkje av for meg, og tidvis tykte eg at det vart litt langdrygt. Eg mistenkjer at den norske omsetjinga må ta litt av skulda for den langdryge kjensla, så eg burde nok ha lese originalen. Men ein stad inni meg finst det ei vegring mot å lese engelsk, og denne vegringa har eg enno ikkje klart å kome over. Dermed vart det norsk på Sittenfeld, sjølv om teksten nok dermed vart litt urettferdig behandla.

Har forresten ein plan om å lese alle sju Harry Potter-bøkene på engelsk etter at eg har lese den sjuande på norsk. Håper at eg dermed skal vinne over engelskvegringa mi.

No les eg Hanne-Vibeke Holsts Min mosters migrene eller hvordan jeg ble kvinne. Ikkje skjønnlitteratur, men god litteratur.