Viser innlegg med etiketten norske romanar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten norske romanar. Vis alle innlegg

tirsdag 6. januar 2009

Litt for stor storleik


Under litteraturfestivalen Kapittel 08 høyrde eg forfattar Arne Svingen lese høgt frå den nye boka si King Size (Cappelen Damm 2008). Eg vart fascinert av historia om småflypiloten som flaug ein ung mann inn i Aust-Tyskland frå vest for å hente kjærasten sin på eit jorde langt ute på den austtyske landsbygda, og fekk lyst til å lese boka.

Tenåringen Didrik vinn ein jojo-konkurranse og får reise til USA. Der startar han eit verdsomspennande nettverk av ungdommar som held kontakten i fleire tiår. Gjennom nettverket finn Didrik venner og kone, men og inntekter. Medan vi følgjer Didrik frå ungdom til vaksen, følgjer vi og Europas historie frå slutten av 1970-talet og fram til i dag.

Boka er på 389 sider, og kunne med fordel vore 100 sider kortare. Eg var sofaliggjande med ei hard forkjøling ei heil veke då eg las King Size, og orka ikkje tanken på å starte på ei ny bok, sjølv om det var for mykje prat i den eg hadde i hendene. I tillegg til det pratsomme, verkar det som om forfattaren verkeleg vil få vise lesaren kor mykje han hugsar av 1980-talet. Det vert litt slitande i lengda. Eg las boka ut, og det var grei sjukelesing, men eg hadde ei skuffande kjensle av at høgdepunkta, dei hadde Arne Svingen allereie lese høgt for meg.

fredag 19. desember 2008

Nummer tre


I august 1997 får Jarle Klepp eit brev frå politiet. Dei ber han om å ta ein blodprøve for å sjekke om han er far til Charlotte Isabel Hansen, ei sju år gammal jente han aldri har høyrt om før. Blodprøva er positiv. Jarle har blitt far. Like etter kjem nok eit brev. I brevet står det at Anette Hansen, mora til Charlotte Isabel, skal reise ei veke til Syden, og vil at Jarle skal ta seg av dottera så lenge.

Den nye boka til Tore Renberg, Charlotte Isabel Hansen (Oktober 2008), handlar om veka i september 1997 då far og dotter møtest for første gong, og om korleis veka dei bur saman artar seg.

Eg las Mannen som elsket Yngve då den kom i 2003, og likte henne såpass godt at eg ikkje var i tvil om at eg ville lese den neste boka om Jarle, Kompani Orheim, som kom i 2005. Kompani Orheim var eit sterkt familieportrett, og eg har sidan anbefalt å utstyre seg med lommetørkle før ein les henne.

Når det no endeleg var min tur i bibliotekkøen til å få heim Charlotte Isabel Hansen, vart alle andre bøker lagde bort til fordel for denne. Og eg vart ikkje skuffa denne gongen heller. Renberg skriv intenst, og eg liker det. Det får fram kjenslene mine overfor romankarakterane. Eit stykke ut i boka var eg sint på Jarle. At han kunne oppføre seg på det viset! Men eg har likevel kost meg heile tida, ledd høgt fleire gonger, og til sist funne fram lommetørkleet igjen.

Tore Renberg har i høve utgjevinga av denne boka uttalt at han kunne tenkje seg å skrive om Jarle Klepp resten av forfattarskapen sin. Enkelte kritikarar har mislikt dette. Eg er ikkje blant dei. Kjem det fleire Jarle Klepp-romanar, sluker eg dei glatt! Og koser meg!

mandag 3. november 2008

Spennande, spennande


Johan Harstad er ikkje min type forfattar har eg tidlegare så bastant proklamert. Eg har prøvd meg på både Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, og Hässelby, men har ikkje klart å fullføre nokon av dei. No var eg nøydd til å ta fatt på ein tredje Harstad-roman, i embeds medfør. Som ein del av kulturbyåret Stavanger 2008, skal alle niandeklassingane i Rogaland skal få Johan Harstad sin nye spesialskrivne roman Darlah som kom ut på CappelenDamm no i haust. Eg skal vere med på overrekkinga i min kommune i morgon, og i det høvet har eg lese boka.

NASA, USA sitt sentrale organ for romforsking, set under mystiske omstende i gang eit lotteri for ungdom over heile verda mellom 14 og 18 år. Premiane er gjeve; 3 ungdommar skal verte trekte ut til å bli med på ei romferd til månen, til ein månebase, Darlah, som ingen nokon gong tidlegare har høyrt snakk om. I ei storstilt reklamekampanje vert ungdommar oppmuntra til å melde seg på i konkurransen.

Vi møter Mia frå Stavanger som spelar i band, Midori frå Tokyo som ikkje føler at ho passar inn blant dei andre ungdommane ho går på skule med, og Antoine frå Paris som er saman med drømmekjærasten.

Darlah har alt ein ungdomsroman treng for å bli ein god ungdomsroman: Kjærleik, teite foreldre, spenning, kjærleikssorg og ei kjensle av å vere annleis. Dette er verkeleg ei spennande bok, så spennande at det av og til gjekk kaldt nedover ryggen på meg. Men det er med Darlah som mannen min seier det er i filmen Haisommer: Det er skumlast før ein ser haien. Likevel er dette ein ungdomsroman vel verdt å lese, og eg trur mange ungdommar vil like han godt.

mandag 13. oktober 2008

Humor-elgen


Bjarte Bjørkum: Elg i solnedgang. Gyldendal 2008


Humor er absolutt mi greie. Humor er viktig i livet mitt. Eg liker bøker som får meg til å le. Men eg har av og til problem med bøker som svært intenst legg opp til at dette verkeleg skal bli morosamt. Som går ut frå at alle lesarar, også eg, skal le. Særleg har eg problem når dette er bøker som eigentleg er retta mot barn. Ikkje min humor, tenkjer eg. Dårleg kvalitet, tenkjer eg. Førehandsdømming? Generalisering? Jau, eg ser den. Men slik er det altså fatt med meg.

Elg i solnedgang av Bjarte Bjørkum var ei slik bok. Eg fekk henne anbefalt som høgtlesingsbok for vesleguten av ein god kollega. Det var ei bok eg absolutt ikkje ville valt å teke ut av hylla sjølv, men gode kollegaar skal ein lytte til. Vi trengde ei høgtlesingsbok medan vi venta på nummer-fire-Påsån, og det blei denne.

”Maurar er dei minste dyra Thomas og bestefar må hanskast med i denne historia. Dei er så små at dei mest ikkje er til å sjå. I ei bok som denne blir dei heilt usynlege. Så usynlege at denne boka ikkje handlar om maur i det heile teke, men om elg.” (Frå Bjarte Bjørkum: Elg i solnedgang, Gyldendal, 2008: frå baksideteksten.)

Denne teksten, fint oppkrydra av ein morosam illustrasjon, fekk vesleguten min svært interessert, og han humra i veg frå første kapittel. Thomas og bestefaren får ein elg og hanskast med, og det skapar ulike forviklingar. Eg las høgt, prøvde å vere engasjert, men i smug dreiv eg med denne-boka-er-keisam-vanen min, eg sjekka kor mange sider som var att av kapittelet. Etter nokre kapittel var ikkje dette nok. Eg måtte sjekke kor mange sider av boka som var att. Dermed hende det. Eg gjorde det eg elles aldri ville gjort: Eg las litt av slutten. Rett nok var det eg las eit såkalla bonuskapittel, men det hadde altså ein svært god effekt på bokengasjementet mitt. Der eg tidlegare hadde smilt litt tafatt og på skrå når sonen min lo over eit av dei mange morosame poenga i boka, lo eg no med. Eg hadde forstått at dette faktisk ikkje var så dårleg som eg trudde. Det var jo faktisk ganske bra. Og ganske morosamt og.

Absolutt noko å tenkje på neste gong fordommane kjem føre opplevinga av boka.

lørdag 11. oktober 2008

Å lese dialekt

Vidar Sandbeck: Påsån. Cappelen, 1993.



Eg liker ikkje å lese dialekt. Bokmål går greit, nynorsk går bra, men dialekt er noko som høyrer det munnlege språket til, tykkjer eg. Og er nær ved å steile når eg (altfor ofte) finn min eigen dialekt (jærsk) i skriftleg form. Ein uting!

Men gje meg ei god historie i bokform, av ein relativt kjend forfattar, skrive på ei dialekt som liknar svært på den som ein annan, endå meir kjend forfattar har trekt fram i lyset ved å lese og synge på radio, og eg les i veg og kjenner ingen irritasjon. Snarare tvert om, skal det vise seg.

Påsån har fått plass i heimen vår. Vesleguten ønsker høgtlesing morgon og kveld, og mamma er ikkje vanskeleg å be. Vidar Sandbecks tre første bøker om Påsån, Ferie i hamnehagan, Den rutete elefanten og Den nye gutten, kom i 1993 ut i samla form i boka Påsån. Denne er det som har gledd oss dei siste par vekene. Påsån, ein redd liten gut med stor fantasi, som saman med kameraten Nils Brua leikar seg gjennom kvardagen, gler både liten og stor. Vesleguten min sit heilt stilt og får med seg kvart ord. Av og til må mamma forklare. Og vi frydar oss over påfunna og ler med dei to leikekameratane. Og det vert krise i heimen når det viser seg at dei to neste Påsån-bøkene som mamma har drege med seg heim frå biblioteket, ikkje er dei to neste, men nummer seks og ni, og at vi faktisk må vente før vi kan lese vidare. Aller nådigst får mamma starte ei anna høgtlesingsbok medan vi ventar, men kronologi-sjekke-svikten vert ikkje gløymt, og vi må vere nøye med bestillinga av neste bok.

fredag 10. oktober 2008

God bok! Sterk historie!

Aina Basso: Ingen må vite. Samlaget, 2008.



Alle meldingane eg har lese om Aina Bassos Ingen må vite har vore gode. Eg har ikkje noko nytt å føye til, men eg er samd i dei gode meldingane. Det er ei sterk historie. Ei historie som grip meg. Godt fortald og med eit fantastisk språk. Eg føler meg heldig som har fått lese denne forteljinga. Føler meg heldig som eig boka. Og glad for at eg når det vert måndag, og eg igjen skal på jobb, har ei heilt ny bok å putte i hylla merka Tove anbefaler. Dette er ei bok eg ikkje vil nøle med å anbefale korkje til ungdom eller vaksne.

I eit intervju i Dag og Tid for ei tid tilbake vart Aina Basso spurd om ho var redd for å bli ein einboksforfattar. Det meinte ho at ho ikkje var redd for. Men Aina, eg er redd for det. Ikkje slik å forstå at eg trur det er sannsynleg. Heller redd for i tydinga bekymra for. Eg vil nemleg svært gjerne at du kjem med mange bøker! Slik at eg kan få lese dei. Og bli gripen. Bli glad for det gode språket.

torsdag 9. oktober 2008

Lesestart

Eg har rett og slett vore nervøs. Boka har lege der og freista, men ho har samstundes lete meg skyve henne bak i køen. Eg hadde så lyst til å like henne. Å ikkje like henne ville vore ei ærleg sak. Men eg har følgd prosessen frå forfattar til forlag, fram og tilbake i mange rundar, og har kjend at eg har vore spend på resultatet. Og ikkje nok med det. Det har kome meldingar. Mange meldingar. Gode meldingar. Svært gode meldingar. Men tenk om eg ikkje ville like henne likevel?

Nervøsiteten følgjer meg fire-fem sider. Eller, eigentleg veit eg ikkje om det er så lenge ein gong. For brått er det gått ein time, nitti sider, og det er langt over leggetid.

søndag 28. september 2008

Fin dag med fin bok


Eg har hatt den store gleda å lese I dag er ein fin dag av Ingrid Z. Aanestad. Det sette meg i ei roleg og glad stemning, og det gjorde at eg fekk tenkje tilbake på mi eiga studietid, særleg det første året som usikker, nett heimanfråflytta 20-åring i ein stor, ukjend by.

I dag er ein fin dag handlar om Maria, ung (må ein gå ut frå) student i ein stor by med trikk. Maria er naiv og kjenslevar, og opplever mange ting for første gong. Ho frys og kjenner seg aleine på ein kald hybel, eller ho frys og kjenner det er godt å ha ein eigen hybel å trekkje seg tilbake til, sjølv om det er kaldt der.

Dette er ikkje ei handlingsfylt forteljing, men forteljinga om kvardagen til Maria. Ingrid Z. Aanestad har eit enkelt språk som tiltalar meg. Mykje vert sagt utan at det vert sagt så mykje.

fredag 19. september 2008

Lite lesing, dessverre

... og dermed lite blogging. Eg les nesten ikkje for tida, og då vert det jo lite å blogge om. Har bokmerke i tre bøker: Allan Bennetts The uncommon reader, Per Pettersons Månen over porten og Ingrid Z. Aanestads I dag er ein fin dag (som er lesesirkelboka til neste gong). Aina Bassos Ingen må vite ligg og freistar, den er neste bok ut. Men akkurat no kjem eg ikkje vidare i ei einaste bok.

onsdag 27. august 2008

OL som lesefremjande tiltak

Eg ser sjeldan sport på fjernsyn. Så medan OL-sendingane har rulla i mange kanalar, har eg lese meir enn vanleg. Det er herleg, men fortel meg og at eg vanlegvis ser meir på fjernsyn enn eg trur eg gjer. Ikkje det at det er noko gale i å sjå på fjernsyn. Men ein vert no ofte sitjande å sjå program ein ikkje har planlagt å sjå, og som kan hende ikkje er så gode heller, og det stel jo frå lesetida. Men i det siste har eg altså hatt gleda av å kose meg med fleire godbitar:

I fjor las eg Barbara Kingsolvers Gifttreet frå 2000, og det vart ein av mine favorittromanar. Derfor vart eg både glad og redd då eg oppdaga at endå ein av Kingsolvers romanar var omsett til norsk, Frodig sommer frå 2003. Glad fordi eg likte Gifttreet, og dermed kunne håpe på å få ei like god oppleving av ein annan roman av same forfattar, men samstundes redd for at forventningane mine ikkje skulle bli innfridde, og at eg skulle bli skuffa av å lese Frodig sommer. Heldigvis var det ingen grunn til redsla; eg likte boka godt, sjølv om ho ikkje er så stor som eg tykte Gifttreet var. Forteljinga er lagt til USA, og vi ser verda gjennom augene på tre ulike personar som lever i ei lita bygd tett ved ein nasjonalpark. Økologi og plantevern står sentralt som tema. Synsvinkelskifta i romanen gjer han spennande; å sjå verda med ulike briller er jo gjerne det.

Har såvidt snust på 2008-utgjevingar tidlegare i år, og den første av årets norske romanar var Sara Johnsens White Man (Gyldendal). Eit norsk par på ferie i varmare strok får ein ubehageleg ende på ferien. Dette er forteljinga om kva som hende og korleis dette usannsynlege kunne skje. Ei ubehageleg historie eigentleg, men godt skrive, og ikkje nokon krim, altså, viss det vesle eg har skrive skulle forlede nokon til å tru det. Det er alltid gildt å ha noko av årets litteratur å anbefale når nokon spør meg på biblioteket.

Akkurat no held eg på med to gode romanar til: Nevil Shutes En by som Alice og Alan Bennetts The Uncommon Reader. Begge gjer meg godt, og eg kjem nok til å lage ein bloggpost på minst ei av dei om ikkje så lenge.

På pianoet, der innlånte bøker ventar på den rette lesetida, ligg Mari Grydelands Prikkedøden, Trude Marsteins Gjøre godt, Lydia Minatoyas Skjønnhetens mystikk, Orhan Pamuks Det tause huset, Jojo Moyes si Over havet, Gabriel Garcia Marquez si Kjærlighet i koleraens tid og Sara Lidmans Multelandet, i tillegg til nokre biografiar, diverse barnelitteratur og ei essaysamling. Så eg får nok vere flink til å skru av fjernsynet når det dukkar opp dårlege program framover dersom eg skal rekke over alt dette. No kjem jo nemleg snart haustens godbitar til biblioteket mitt, og då hiv eg meg jo over dei og. Mykje å glede seg til.

søndag 3. august 2008

Oppsummering eit stykke ut i året

5. januar skreiv eg om leseplanane mine for 2008. Dei fleste av bøkene eg hadde planar om å lese, har eg faktisk fått lese, ser eg:

Johan Harstads Hässelby
hadde eg starta på, men sleit med å halde fram med. Eg heldt aldri fram, men fann ut at eg ikkje er ein Harstad-lesar.

Jens M. Johanssons Bisettelsen har funnet sted
var eg halvvegs i. Denne novellesamlinga las eg ut, og eg likte henne godt.

Hanne-Vibeke Holsts Min mosters migrene eller Hvordan jeg ble kvinne
var eg og komen eit stykke i. Las ferdig og likte.

Eg planla også å lese Kyrre Andreassens Svendsens catering, Yvonne C. Kuhns Den riktige Rafferty, Fred Uhlmans Forsoningen, Lene Kaaberbøls Skuggeporten, Ellisiv Lindkvists Alt jeg skriver er sant og Alexandra Fullers Ikke la oss gå i hundene i kveld. Desse er alle lesne og likte.

Kristin Auestad Danielsens Nynorsken og Margaret Skjelbreds Andrea D starta eg på, men likte ikkje.
Erling Aadlands Ditt uforglemmelige fravær er den einaste boka eg planla å lese som eg ikkje har hatt i hendene enno. Men det er nokre månadar av 2008 igjen, så det skal vel la seg gjere å lese den og.

Til no i år kan gamleskattkista fortelje meg at eg har lese 36 bøker. 34 av dei likte eg. 6 av dei er teikneserieromanar.

torsdag 31. juli 2008

Eg raudnar, og lagar lista lenger

Pinleg nok gløymde eg i går å ta med på leselista mi den boka eg har planlagt lengst at eg skal lese denne hausten. Har nemleg hatt gleda av å følgje ein del av prosessen fram mot ei bokutgjeving på bloggen flimre over lang tid. Aina Basso debuterer i haust på Samlaget med ungdomsromanen Ingen må vite, og har skrive mykje om dette på bloggen sin. Dette har gjort at eg har svært lyst til å lese boka når ho kjem. Men å kome på det i farten, klarte eg altså ikkje i går... Men her kjem det altså, saman med ei anna gløymt har-lyst-til-å-lese-utgjeving.

Tillegg til haustens leseliste:
Aina Basso: Ingen må vite
Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke

onsdag 30. juli 2008

Haustleg leseglede

Nyheitene kjem seint til provinsen. Eller eg er dårleg til å følgje med. Eller begge deler, i kombinasjon med at eg ikkje abonnerer på Dagsavisen. Die Pointe, bitte? Jau, Dagsavisen gav 18. juni (!) ut eit bokbilag, som eg nett har fått tak i på min lokale Norli-bokhandel. Der vert deler av bokhausten presentert, blant anna gjennom ei forlagsvis liste over ”haustslepp”.

Mmm. Eg har kost meg og gledd meg over forfattarar og titlar og kome fram til denne lista over bøker eg vil lese av bokhausten 2008:

Lars Saabye Christensen: Bisettelsen
Gert Nygårdshaug: Fortellerens marked
Jan Kjærstad: Jeg er brødrene Walker
Torun Lian: Undrene i vår familie
Geir Gulliksen: Et ansikt som minner om norsk politikk
Marianne Fastvold: Kjærlighet for viderekomne
Per Petterson: Ny roman (tittel førebels ukjend)
Tore Renberg: Charlotte Isabel Hansen

No skal det seiast at pianoet mitt er neddynga av bokbunker som er hamstra inn frå biblioteket til sommarferielesinga. Dei fleste av desse har eg ikkje byrja på enno. Og sommarferien min hadde sin siste dag sundag. Men hausten er lang, leselysta er stor, humøret er på topp og optimismen ser ut til å spreie seg. Så dei fleste av desse får eg nok lese, trur eg. Det er dessutan gildare å ha ei ”har-lyst-til-å-lese-liste” enn ikkje å ha ei, tykkjer eg.

lørdag 26. juli 2008

Bok blir film

Denne våren/sommaren har eg sett 3 filmar som er filmatiseringar av bøker. To av dei likte eg godt, den tredje var eg ikkje overvettes begeistra for.

I april såg eg Mannen som elsket Yngve på Saga kino i Oslo. Boka las eg då ho kom, og eg tykte det var ei god bok. Filmen likte eg endå betre. Det skal ikkje så mykje til for at eg skal gråte når eg ser film, og på denne kom det mange tårer. Allereie då eg såg Yngve, tenkte eg "Stakkars deg! Tenk på alt det fæle du skal gjennom!", og fekk stor klump i halsen. Det at filmen ikkje var heilt "korrekt" i forhold til boka, gjorde ingenting, tykte eg. Historien kom likevel klart fram, og dessutan - det var lenge sidan eg hadde lese boka. Har fått med meg at ein Dagbladet-journalist meinte at filmen absolutt ikkje spegla 80-talet, men eg er samd med Elin frå Av en annen verden som meiner at filmen gav ei gjenkjenneleg glede for oss som var ungdommar på slutten av dette tiåret. I alle fall koste eg meg stort - og brukte opp to pakkar papirlommetørkle...

I juni lånte eg heim Charlie og sjokoladefabrikken frå biblioteket. Det var den nye Johnny Depp-versjonen; den gamle filmen har eg førebels ikkje sett. Då eg var liten, var Frank Roberts lydbokversjon av Charlie og sjokoladefabrikken noko eg kunne høyre om att og om att utan å gå lei. Det var dermed kjent stoff eg skulle sjå filmversjonen av, sjølv om det var ein god del år sidan sist eg høyrde lydboka. Men eg likte det eg såg - også der filmversjonen byggjer vidare på Roald Dahls historie og lagar ein barndom for Willy Wonka. Sidan har jo Charlie og sjokoladefabrikken gått som P2s sommaropplesing dei to første vekene av juli, så vi har riktig fått Willy Wonka-kost oss i sommar her i heimen.

Tredje film ut såg eg no i juli. Boka Saman er ein mindre aleine er mi absolutte yndlingsbok, og etter å ha høyrt forfattaren Anna Gavalda seie på radio at ho tykte at filmatiseringa vart skikkeleg dårleg, var eg jo litt skeptisk til å sjå filmen. Men filmen har fått gode kritikkar, og fleire eg kjenner (også av dei som tidlegare har lese og likt boka) har hatt stor glede av filmen, så då han blei kjøpt inn til biblioteket, lånte eg han heim. Men SKUFFA er nok eit litt tamt ord for det eg kjende etter at eg hadde sett han. Filmen fekk etter mi meining ikkje fram noko av det fine samspelet mellom hovudpersonane som ein finn i boka, og heller ikkje i det heile kor store problem Camille hadde. Og så slutten, då. Den var jo heilt feil!!! Nei, eg skulle nok halde meg unna. Forstår heller ikkje heilt at folk som ikkje har lese boka tykte at dette var ein så god film, for etter mi meining var det ein del episodar som hang heilt i lause lufta. Mannen min lurte til dømes på kor det blei av sjalusidramaet mellom Franck og Philibert. Han har ikkje lese boka, og fekk det inntrykket gjennom filmen at Philibert var forelska i Camille. Huttetu! Filmen kan, som de sikkert skjønar, ikkje anbefalast.

torsdag 3. april 2008

Ny favoritt

Det er ikkje mykje tid eg har til blogging for tida, men eg les litt skjønnlitteratur innimellom likevel. No vil ein merksam lesar leggje merke til at eg har fått eit nytt element inn på Mine favorittar-lista, nemleg Geir Gulliksens Våkner om natten og vil noe annet som kom på Oktober i 2001. Denne vart eg tipsa om her, og eg er like begeistra som Thomas over henne. Dette blei lesesirkelboka vår til neste gong, og eg er spend på om dei andre liker henne like godt som eg.

tirsdag 19. februar 2008

Cecilie Enger: Himmelstormeren. En roman om Ellisif Wessel


Dette er romanen om overklassejenta Ellisif som trassar mange (inkludert mor), giftar seg med fetteren Andreas som utdannar seg til lege, og sidan flyttar med han til Kirkenes og arbeider med han blant sveltande og sjuke fattigfolk. Det er ein biografisk roman, "based on a true story" som amerikanarane merkar filmane sine, og forfattaren har brukt dei mange breva som Ellisif (fødd i 1866) skreiv til familie og venner, deriblant Johan Falkberget, som bakteppe for handlinga. Med alt elendet dei ser rundt seg, og den manglande viljen blant dei betre stilte og offentlege personar til å sjå årsakane til sjukdom og naud, vert Ellisif og Andreas meir og meir politisk medvitne og aktive, og beveger seg frå Høgre mot sosialistane (i Andreas sitt tilfelle) og kommunistane (Ellisif).


Dette er romanen som fekk meg til å gråte fleire gonger, i sympati med Ellisif som opplever gjentekne abortar, og som når ho endeleg klarer å bere fram eit barn, Peter Jan, mister han i tuberkolose bare 10 månadar gammal.


Etter som Ellisifs liv skrid fram, vert romanen meir og meir prega av den politiske rørsla ho er med i og fagforeiningsarbeidet ho er drivkrafta bak. Dette er ein svært viktig del av livet hennar, og svært interessant å følgje med på, men eg tykkjer av og til at romanen får eit litt oppramsande preg. Men det er absolutt ei bok eg vil anbefale, og som greip meg sterkt då eg las henne.


Les gjerne også bokmeldinga til Catrine Krøger i Dagbladet og omtalen til NRK.

lørdag 5. januar 2008

Gunnar Staalesen: Dødens drabanter


Første forfattar ut på mi leseliste for 2008 vart Gunnar Staalesen. Eg har ikkje lese ei einaste Varg Veum-bok tidlegare, men no har eg altså starta, med den sist utkomne: Dødens drabanter frå 2006. Forklaringa er sjølvsagt lesesirkelen. Dette er neste bok ut til diskusjon.


No når eg endeleg har kome ut av mi Les-nesten-bare-krim-tid, bruker eg krimbøker som avslapping og avlasting blant annan litteratur. Etter mi noverande meining, bør krimbøker ikkje lesast for ofte, dei skal vere lettlesne, helst ha litt detektivprivatliv med på kjøpet, og dei skal ha godt språk.
Dødens drabanter er nesten der: Det er ei stund sidan eg las ei krimbok sist (Jo Nesbøs Snømannen som eg las i juni var den førre, trur eg), ho var lettlest og ho hadde detektivjobb og detektivprivatliv i ei saleg blanding (slik det anar meg at det kanskje ofte er i ei Varg Veum-bok?). Og så får ein jo Bergens-nostalgi med på kjøpet, og det er ikkje dumt for ein tidlegare Bergens-student.
Språket var og for det meste godt. Men kjære Bergens-forfattarar (det gjeld mange av dykk, inkludert Staalesen): Ver greie å få ekstra konsulenthjelp og språkvask dersom de prøver dykk på nynorsk! I Dødens drabanter gjeld det gjengjeving av nynorsknære dialektar. Det går med Staalesen som det gjekk med min kjære då han skulle forklare kor lett det er for han som bergensar å høyre om eit substantiv er hokjønns- eller hankjønnsord: "Ta solen for eksempel. Alle kan jo høre at det ikke er hunkjønn." Så sant, så sant. Men eg kosa meg for det meste, altså.

fredag 24. august 2007

Romanlesing

Les eg ikkje romanar lenger? Jau, eg gjer det. Men eg manglar overskotet eg hadde i ferien til å skrive om kva eg har lese her i bloggen. Men ei lita liste over kva eg har lese og likt sidan sist kan eg spandere:

Selma Lønning Aarø: En rekke avbrutte forsøk (2007)
Anne B. Ragde: Ligge i grønne enger (2007)
Art Spiegelman: Maus (1993)
Helle Helle: Rødby-Puttgarden (2006)

I tillegg har eg byrja på og lagt bort eit par. Kva les eg no? Aviser. Skal snart starte på ein ny roman, men er ikkje sikker på kva for ein det blir. Har ein del alternativ, men eg landar nok på ein av dei nye teikneserieromanane eg lånte på biblioteket i sommar.