Viser innlegg med etiketten utanlandske romanar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utanlandske romanar. Vis alle innlegg

mandag 5. januar 2009

Muriel Barbery: Pinnsvinets eleganse (Arneberg 2008)


I eit Frankrike som er mykje meir prega av klassetenkjing enn vi er vane med i Noreg, prøver portnarkona Reneé å leve opp til myta om kva portnarkoner skal vere – ei dum, gretten, asosial og subbande kvinne. Dermed skjuler ho sitt eigentlege eg, ei intelligent, filosoferande og kunstelskande dame. I den same bygarden som Reneé bur endå ei som skjuler kor intelligent ho er, den tolvårige rikmannsdottera Paloma. Paloma kjenner seg utanfor, både blant skulekameratar og i sin eigen familie, og har bestemt seg for å ta livet sitt.
I denne forsiktig framskridande romanen ser vi livet i bygarden gjennom augene til desse to. Det vert ei fin, men tankevekkande lesaroppleving.

søndag 16. november 2008

500 sider med leseglede


Eg har fått ein ny favoritt! Han er på 511 sider. Etter 300 av dei kjende eg at eg blei lei meg. Bare 200 sider att! Slikt er verkeleg eit teikn på at eg har med ei god bok å gjere.

Under den andre verdskrigen vart mange engelske soldatar gifte med austalske jenter. Etter krigen vart desse såkalla krigsbrurene førde ”heim” til England med store skip, slik at dei kunne få vere saman med ektemennene sine. Jojo Moyes Over havet (Cappelen 2007) handlar om 600 krigsbrurer som i 1946 vert frakta til England med hangarskipet Victoria. Spesielt følgjer vi dei fire unge jentene i lugar 3G, og får del i korleis deira reise over havet artar seg.

Forfattaren må ha gjort eit grundig research-arbeid. Kvart kapittel vert innleia av sitat frå aviser, bøker og dagbøker som fortel korleis desse krigsbrureoverfartane arta seg i det verkelege livet. Det gjer at eg som lesar vert merksam på at dette, trass i at det er ein fiksjon, også har element av sanning, krigs- og etterkrigshistorie, i seg.

Romanen er tidvis så spennande at eg kjenner sug i magen. Mot slutten vart det nesten uuthaldeleg. Trass sol og opphaldsver sat eg inne. Sundagsturen måtte vente til boka var utlesen.
Eg trudde eg kunne takke Jorid på Ord om annet for å ha tipsa meg om denne. Men no kan eg ikkje finne noko om Over havet hjå henne. Kan hende har eg funne fram til boka heilt av meg sjølv? Viss ikkje: Takk til deg som tipsa meg om denne perla av ei bok!

onsdag 12. november 2008

Bøkene vi høyrer mykje om


Hjå Ståle på skrift sa eg for nokre dagar sidan mi meining når det gjeld bøker som det vert snakka og skrive mykje om, og som får andreutgåvene sine påsmurt sitat frå kjende personar om kor godt dei likte bøkene. Ofte får slike storfokuseringar meg til å rygge, men i fjor las vi ei slik bok, Khaled Hosseinis Drageløperen, i lesesirkelen min. Eg likte historien, men var ikkje overbegeistra for språket i romanen. Dessutan tykte eg ikkje at boka var så fantastisk som ”alle” ville ha det til. Det luraste for meg er nok å vente til stormen om slike bøker har lagt seg, og deretter vurdere om det er bøker eg kan tenkje meg å lese. Då vert det ikkje så mange forventningar å leve opp til under lesinga, og boka får truleg ei meir rettferdig behandling av mitt kritiske blikk.

Dei siste dagane trur eg likevel eg har lese ei slik bok. Eg skriv trur, for eg hadde ikkje høyrt om boka før ein god kollega av meg instendig anbefalte Cecilia Samartins Señor Peregrino (Juritzen 2008) til meg. Eg reserverte boka, og ei vekes tid seinare låg ho i hylla mi. I paperback-utgåve og med ikkje mindre enn fem sitat på seg. Eg oversåg sitata og starta rett på. Det gjorde eg lurt i. Dette var verkeleg ein fin roman.

Jamilet er ei nydeleg jente, men har eit stort og skjemmande fødselsmerke som går frå nakken og ned til knehasane. Sjølv om jordmora får taleforbod om dette, er dette ei for stor hending til at ho klarer å halde munn. Snart veit alle i den vesle, meksikanske landsbyen at ungen har fått djevelens merke på seg. Mor hennar bekymrar seg for korleis det skal gå med dottera, og sender gjennom heile Jamilets oppvekst stadig bod på nye menn som meiner dei kan hjelpe til med å få merket til å forsvinne. Ingen av dei lukkast i dette. Då mor til Jamilet etter mange år frå høyre frå ein amerikansk lege at fødselsmerket ikkje kan takast bort, får ho hjarteattakk, og døyr seinare av dette. Men Jamilet sjølv har ikkje gjeve opp håpet om at merket kan fjernast, og drøymer om å reise nordover, til USA, for å få gjort noko med det.


Viss du ikkje har høyrt så mykje om denne romanen at du har fått overdose allereie, er det ein roman som er vel verdt å lese!

fredag 19. september 2008

Lite lesing, dessverre

... og dermed lite blogging. Eg les nesten ikkje for tida, og då vert det jo lite å blogge om. Har bokmerke i tre bøker: Allan Bennetts The uncommon reader, Per Pettersons Månen over porten og Ingrid Z. Aanestads I dag er ein fin dag (som er lesesirkelboka til neste gong). Aina Bassos Ingen må vite ligg og freistar, den er neste bok ut. Men akkurat no kjem eg ikkje vidare i ei einaste bok.

tirsdag 2. september 2008

Tove les engelsk - endeleg



Eg har lenge hatt ein plan om å styrke engelsken min ved å lese ei bok eller to på engelsk. For å gjere det lett for meg sjølv hadde eg ein plan om å lese Harry Potter-bøkene om att - på engelsk. Men det vart snarare ei kvilepute enn eit spark bak. For eg les jo sjeldan bøker fleire enn ein gong - bortsett frå høgtlesing, då (jf. førre innlegg).

Men no har redninga kome - gjennom anbefaling og lån frå ein kollega har eg byrja å lese Alan Bennetts The uncommon reader. Den uvanlege lesaren er dronning Elisabeth II av England, som ein dag ho går tur med hundane sine oppdagar ein bokbuss utanfor slottet. Ho ser seg nøydd til å låne ei bok, som ho les, men slett ikkje liker, og ved leveringa av denne låner ho ei bok til. Boklån nummer to viser seg å vere eit godt val, og dermed gjev lesinga meirsmak. Dronninga vert ein pasjonert lesar.

Eg les i sneglefart i forhold til kor fort eg les ei bok på norsk. Ordboka ligg ved sida av meg, og eg slår opp litt innimellom. Men til mi glede og overrasking forstår eg det meste. Og så kosar eg meg storleg. Her er britisk humor og understatements. Bennett har klart det eg ikkje tykte Johan Harstad fekk til: Han har gjort romanfigur av ein person (og i Harstads tilfelle litterær person) som alle lesarar kjenner til frå før, og klart å lage ein god roman av det. Det er kosteleg å lese både om dronningas skarpe tunge og om tenarane rundt henne som ikkje heilt veit å setje pris på den nye (og altoppslukande) hobbyen hennar. Som her, kor dronningas privatsekretær føreslår at dei skal lage ei pressemelding om lesinga:


"[...] it would help if we were able to put out a press release saying that, apart from English literature, Your Majesty was also reading ethnic classics."
"Which ethnic classics did you have in mind, Sir Kevin? The Kama Sutra?"
Sir Kevin sighed.
"I am reading Vikram Seth at the moment. Would he count?"
Though the private secretary had never heard of him he thought he sounded right.


(Frå Alan Bennett: The uncommon reader, Faber and Faber 2007, s. 45.)

lørdag 30. august 2008

Gamle tankar

Etter teen spurte Jean Mrs. Connor hvem de var. "Det er Eddie Page," svarte
hun. "Han er bestyrer på en kvegfarm som heter Carlisle, omtrent 150 kilometer
herfra. Den innfødte kvinnen er hans kone; de er kommet til byen for å gjøre
innkjøp."
"Hans ordentlige kone?" spurte Jean.
"Jada, de er ordentlig gift. Det var en baptistprest, broder Copeland, på
de kanter i fjor, og han viet dem. Av og til kommer de hit. Jeg må innrømme at
det aldri er noe bråk med henne. Hun kan naturligvis hverken lese eller skrive,
og hun sier ikke stort. Hun sleper alltid med seg en kattunge eller en hvalp;
det er nå hennes glede."
Jean kunne ikke få det til å stemme med mannens intelligente, følsomme
ansikt. "Undres på hva som fikk ham til å gjøre det?"

(Frå Nevil Shute: En by som Alice, (oversatt av Anders Hagerup, Ungdomsbokklubben 1993, s. 180-181.)

Medan eg les Nevil Shutes En by som Alice, kjem eg innimellom innom avsnitt som tydeleg viser at dette er ei bok skriven på slutten av 1940-talet. Som avsnittet over. Hovudpersonen Jean er svært overraska over at ein kvit mann (i Australia) har gått til det skrittet å gifte seg med ei innfødd kvinne.

Trass i desse for 2008-lesaren svært politisk ukorrekte partia, er boka svært lesverdig. Eg har kome godt over halvvegs, og anar at slutten vil bli lukkeleg. For hovudpersonen. Om enn ikkje for lesaren, som dessverre snart må legge bort ei god bok.

onsdag 27. august 2008

OL som lesefremjande tiltak

Eg ser sjeldan sport på fjernsyn. Så medan OL-sendingane har rulla i mange kanalar, har eg lese meir enn vanleg. Det er herleg, men fortel meg og at eg vanlegvis ser meir på fjernsyn enn eg trur eg gjer. Ikkje det at det er noko gale i å sjå på fjernsyn. Men ein vert no ofte sitjande å sjå program ein ikkje har planlagt å sjå, og som kan hende ikkje er så gode heller, og det stel jo frå lesetida. Men i det siste har eg altså hatt gleda av å kose meg med fleire godbitar:

I fjor las eg Barbara Kingsolvers Gifttreet frå 2000, og det vart ein av mine favorittromanar. Derfor vart eg både glad og redd då eg oppdaga at endå ein av Kingsolvers romanar var omsett til norsk, Frodig sommer frå 2003. Glad fordi eg likte Gifttreet, og dermed kunne håpe på å få ei like god oppleving av ein annan roman av same forfattar, men samstundes redd for at forventningane mine ikkje skulle bli innfridde, og at eg skulle bli skuffa av å lese Frodig sommer. Heldigvis var det ingen grunn til redsla; eg likte boka godt, sjølv om ho ikkje er så stor som eg tykte Gifttreet var. Forteljinga er lagt til USA, og vi ser verda gjennom augene på tre ulike personar som lever i ei lita bygd tett ved ein nasjonalpark. Økologi og plantevern står sentralt som tema. Synsvinkelskifta i romanen gjer han spennande; å sjå verda med ulike briller er jo gjerne det.

Har såvidt snust på 2008-utgjevingar tidlegare i år, og den første av årets norske romanar var Sara Johnsens White Man (Gyldendal). Eit norsk par på ferie i varmare strok får ein ubehageleg ende på ferien. Dette er forteljinga om kva som hende og korleis dette usannsynlege kunne skje. Ei ubehageleg historie eigentleg, men godt skrive, og ikkje nokon krim, altså, viss det vesle eg har skrive skulle forlede nokon til å tru det. Det er alltid gildt å ha noko av årets litteratur å anbefale når nokon spør meg på biblioteket.

Akkurat no held eg på med to gode romanar til: Nevil Shutes En by som Alice og Alan Bennetts The Uncommon Reader. Begge gjer meg godt, og eg kjem nok til å lage ein bloggpost på minst ei av dei om ikkje så lenge.

På pianoet, der innlånte bøker ventar på den rette lesetida, ligg Mari Grydelands Prikkedøden, Trude Marsteins Gjøre godt, Lydia Minatoyas Skjønnhetens mystikk, Orhan Pamuks Det tause huset, Jojo Moyes si Over havet, Gabriel Garcia Marquez si Kjærlighet i koleraens tid og Sara Lidmans Multelandet, i tillegg til nokre biografiar, diverse barnelitteratur og ei essaysamling. Så eg får nok vere flink til å skru av fjernsynet når det dukkar opp dårlege program framover dersom eg skal rekke over alt dette. No kjem jo nemleg snart haustens godbitar til biblioteket mitt, og då hiv eg meg jo over dei og. Mykje å glede seg til.

lørdag 16. august 2008

Laurdags-godt

Først las eg denne kritikken i Dag og Tid. Sidan las eg litt om Mister Pip av Lloyd Jones på bloggen Ord om annet . Dermed bar det til biblioteket for å reservere. Og no sit eg i sofaen og kosar meg med boka. Heldige meg! Mmm...

fredag 15. august 2008

Les!

I dag las eg ut Ikarosjenta, og eg er svært nøgd. Men eg vågar ikkje å skrive noko meir om henne. Trur det vil øydeleggje andre si lesaroppleving. Men altså: God bok! Les henne!

torsdag 14. august 2008

Nigeria igjen

Eg les framleis frå bunka med ”optimistisk” litteratur, som tidlegare nemnt funne gjennom Ønskebok. Tilfeldigvis er handlinga også denne gongen lagt til Nigeria. I Helen Oyeyemis Ikarosjenta er hovudpersonen Jess 8 år, har nigeriansk mor og engelsk far, og er fødd og oppvaksen i England. Jess held seg mykje for seg sjølv, liker til dømes godt å sitje i timesvis inne i eit skap, og dette bekymrar foreldra, særleg mora. Ho bestemmer derfor at heile familien skal ta ein tur til familien hennar i Nigeria, for første gong for Jess sin del. Her møter Jess, i tillegg til bestefar, tanter, onklar og søskenbarn, ei jente på sin eigen alder. Jess gjev henne namnet TillyTilly, og dei to jentene leikar i lag, sjølv om TillyTilly ikkje ønsker at andre enn Jess skal sjå eller treffe henne.

Førebels er eg svært nøgd med bokvalet mitt. Eg har ikkje kome så langt i boka, men eg kjenner at eg er uroleg. Uroleg for Jess. Vil det skje noko fælt med henne (som ho antydar tidleg i boka)? Tittelen uroar meg og. Kven er Ikarosjenta? Jess eller TillyTilly? Kva inneber det i så fall? Dessutan undrar eg også på om TillyTilly er ein verkeleg person, eller bare eit produkt av Jess sin fantasi, ein såkalla ”usynleg ven”. Og alle spørsmåla mine gjer det endå meir interessant å lese vidare.

mandag 11. august 2008

Med blanda kjensler

Når eg har lese ei verkeleg god bok, sit eg ofte att med ønsket om at ho skulle ha vart lenger. Men etter å ha lese ut Madeleine Thiens Det vi ikke vet, tenkte eg: Endeleg er eg ferdig!

Det var ei ujamn og rar bok. Verkeleg god i lange parti, og verkeleg keisam i andre. Og eg er dermed usikker på om det er ei bok eg vil anbefale til andre. Boka er Thiens debutroman, og eg må vel seie at eg er samd i Anne Cathrine Straume i NRK sin kritikk om at forfattaren her har litt for mange historier som skal samlast i ein roman. Kan hende er det det som er problemet? Men ikkje bare det, for fleire av historiene er interessante, det er bare ikkje alle som vert fortalde på ein interessant måte. Kvasifilosofiske dialogar vert og nemnde i denne og andre kritikkar, og det er kan hende der dei keisame kjenslene kjem hjå meg?

søndag 10. august 2008

Ei lita perle

Midt i lesinga av to andre bøker, starta eg på ei ny - og slukte henne på to dagar. Chimamanda Ngozi Adichies Dyprød hibiskus (Gyldendal 2006) er ei lita perle, men ei perle ein tidvis må grøsse av. Femten år gamle Kambili fortel om eit liv i ein heim i Nigeria. Det er ein velståande heim; Kambili og broren Jaja har ein rik far, og i tillegg til mora, lever også to tenarar under same taket som dei. Men trass denne materielle rikdommen, er ikkje livet Kambili og Jaja lever noko liv å misunne dei. Far deira er strengt religiøs, let barna og kona få svært liten fridom, og tyr også til vald når han tykkjer det trengst. Det tykkjer han ofte.

"Forte, tunge dunk mot den håndutskårne døren til fars og mors soverom. Jeg forestilte meg at døren hadde slått seg og at far prøvde å åpne den. Hvis jeg forestilt meg det sterkt nok, ville det bli sant."

Det er mange sterke scener i denne boka, og eg kunne gjeve mange sitat som viser korleis farens harde grep om familien har sett preg på ungane:

"Den natten drømte jeg at jeg lo, men det hørtes ikke ut som min latter, selv om jeg ikke var sikker på hvordan latteren min hørtes ut."

Det er ei bok som grip meg, og som trass i dei valdelege scenene er ei av dei bøkene eg fekk treff på då eg søkte på "optismistisk" på Ønskebok. Eg anbefaler dykk sterkt å lese denne!

søndag 3. august 2008

Oppsummering eit stykke ut i året

5. januar skreiv eg om leseplanane mine for 2008. Dei fleste av bøkene eg hadde planar om å lese, har eg faktisk fått lese, ser eg:

Johan Harstads Hässelby
hadde eg starta på, men sleit med å halde fram med. Eg heldt aldri fram, men fann ut at eg ikkje er ein Harstad-lesar.

Jens M. Johanssons Bisettelsen har funnet sted
var eg halvvegs i. Denne novellesamlinga las eg ut, og eg likte henne godt.

Hanne-Vibeke Holsts Min mosters migrene eller Hvordan jeg ble kvinne
var eg og komen eit stykke i. Las ferdig og likte.

Eg planla også å lese Kyrre Andreassens Svendsens catering, Yvonne C. Kuhns Den riktige Rafferty, Fred Uhlmans Forsoningen, Lene Kaaberbøls Skuggeporten, Ellisiv Lindkvists Alt jeg skriver er sant og Alexandra Fullers Ikke la oss gå i hundene i kveld. Desse er alle lesne og likte.

Kristin Auestad Danielsens Nynorsken og Margaret Skjelbreds Andrea D starta eg på, men likte ikkje.
Erling Aadlands Ditt uforglemmelige fravær er den einaste boka eg planla å lese som eg ikkje har hatt i hendene enno. Men det er nokre månadar av 2008 igjen, så det skal vel la seg gjere å lese den og.

Til no i år kan gamleskattkista fortelje meg at eg har lese 36 bøker. 34 av dei likte eg. 6 av dei er teikneserieromanar.

fredag 1. august 2008

Eg er blitt venn med ønskebok.no - del 1

Tålmod er ikkje mi sterkaste side, i alle fall ikkje i alle situasjonar. Men tålmod trengst jo ofte. Til dømes når ein skal bli kjend på ein ny nettstad. Då eg skreiv om ønskebok.no i november, hadde eg nok ikkje brukt nok tid på nettstaden. Det eg likte dårlegast, var det Trausken (no Titta) nemner i kommentaren: Det går ikkje å skilje ut bare vaksenbøker. Eg følte eg fekk ”bare” barne- og ungdomslitteratur når eg prøvde meg på søk.

Men då eg var sliten og trøytt på forsommaren, og trengde så sårt til litt oppmuntring, gav eg ønskebok.no ein ny sjanse. Det var lurt. Eg fann nemleg ein ”knapp” eg ikkje hadde lagt merke til før. Den heiter ”Neste”. Ein får altså ikkje bare 10 treff, skulle det vise seg, men mange, mange. Det forandra sjølvsagt saka. Eg la inn pil på bare ein skala, og sette pila så langt mot ”optimistisk” som eg klarte. Mange napp. Mange napp som eg hadde lese før (Saman er ein mindre aleine, Det er trikken i ditt liv), mange barne- og ungdomsbøker som ikkje freista akkurat då, men òg mange, mange som eg fekk lyst til å lese. Eg las og reserverte, las og reserverte. Dermed kom første ladning til mitt lokale bibliotek nokre få dagar seinare, og den såg slik ut:





Nicole Krauss: Kjærlighetens historie
Det var denne eg starta med. Eg likte henne godt, sjølv om eg ikkje alltid klarte å følgje med i historia. Men eg sleit litt med konsentrasjonen på forsommaren, så det kan ha vore det. Det viste seg dessutan at forteljaren ikkje var særleg påliteleg. Det kan ha vore det og. Veit ikkje akkurat om eg blei oppmuntra av boka, men heller ikkje det motsette. Anbefale henne vil eg i alle fall.

Noëlle Châtelet: Valmuekvinnen
Hei, kjære forlagsfolk: Viss de vil at eg skal lese bøkene de gjev ut, så ikkje lag dei med stygge, feite fontar. Stygg, feit font og mange klisjear. Eg gav opp etter ei side... Så tålmodet, nei det får eg bruke ein annan gong.

José Lezama Lima: Paradiso
For komplisert for Toves forsommarhovud. Eg la boka til side, men gav henne ikkje opp. Ho ligg i ei av pianobunkene mine og ventar på ein vakker (eller snarare regnfull?) dag med stor leselyst og mykje konsentrasjon.

Janet Frame: En engel ved mitt bord
For komplisert for Toves forsommarhovud. I pianobunka med den og.

Jeanette Winterson: Ikke bare appelsiner
Har eg ikkje sett på enno.

tirsdag 29. juli 2008

Lilla og grønt


Som eg kan hende har nemnt tidlegare, har eg lett for å velje (og dessverre også velje bort!) bøker ut frå korleis omslaget ser ut. Slik "omslagssnoping" vert det jo nokre bomskot av, men denne gongen har eg vore heldig, trur eg.


Grønt er det næraste eg kjem ein yndlingsfarge (klesskåpet mitt er fullt av grøne plagg...), og i det siste har eg funne ut at grønt og lilla verkeleg kan vere ein fin kombinasjon. Dermed var det kan hende ikkje så rart at eg fall for omslaget til Madeleine Thiens Det vi ikke vet. Nydeleg omslag, tykkjer eg. Har ikkje kome så langt enno, er bare drøyt 60 sider på veg, men no har eg kome inn i tempoet (det går sakte, sakte), og er fascinert. Matthew har nett har mista dattera si. Han hugsar tilbake til september 1945, då han budde med foreldra sine på Britisk Nord-Borneo, og opplevde japanske soldatars invasjon og tilbaketrekking i ei tid då Japan var rysta av dei amerikanske atombombenedslaga. Sterke krigsminne sett gjennom Matthew som bare var ein liten gut. Korleis har det prega han seinare? Eg reknar med at boka etterkvart vil gje svar.


Men sterke scener krev ein del pausar. Det passar bra. Framleis er eg i novelleverda til Gunnhild Øyehaug (Knutar, 2004) og les òg eit og anna essay i Per Pettersons Månen over porten frå 2004.

lørdag 26. juli 2008

Bok blir film

Denne våren/sommaren har eg sett 3 filmar som er filmatiseringar av bøker. To av dei likte eg godt, den tredje var eg ikkje overvettes begeistra for.

I april såg eg Mannen som elsket Yngve på Saga kino i Oslo. Boka las eg då ho kom, og eg tykte det var ei god bok. Filmen likte eg endå betre. Det skal ikkje så mykje til for at eg skal gråte når eg ser film, og på denne kom det mange tårer. Allereie då eg såg Yngve, tenkte eg "Stakkars deg! Tenk på alt det fæle du skal gjennom!", og fekk stor klump i halsen. Det at filmen ikkje var heilt "korrekt" i forhold til boka, gjorde ingenting, tykte eg. Historien kom likevel klart fram, og dessutan - det var lenge sidan eg hadde lese boka. Har fått med meg at ein Dagbladet-journalist meinte at filmen absolutt ikkje spegla 80-talet, men eg er samd med Elin frå Av en annen verden som meiner at filmen gav ei gjenkjenneleg glede for oss som var ungdommar på slutten av dette tiåret. I alle fall koste eg meg stort - og brukte opp to pakkar papirlommetørkle...

I juni lånte eg heim Charlie og sjokoladefabrikken frå biblioteket. Det var den nye Johnny Depp-versjonen; den gamle filmen har eg førebels ikkje sett. Då eg var liten, var Frank Roberts lydbokversjon av Charlie og sjokoladefabrikken noko eg kunne høyre om att og om att utan å gå lei. Det var dermed kjent stoff eg skulle sjå filmversjonen av, sjølv om det var ein god del år sidan sist eg høyrde lydboka. Men eg likte det eg såg - også der filmversjonen byggjer vidare på Roald Dahls historie og lagar ein barndom for Willy Wonka. Sidan har jo Charlie og sjokoladefabrikken gått som P2s sommaropplesing dei to første vekene av juli, så vi har riktig fått Willy Wonka-kost oss i sommar her i heimen.

Tredje film ut såg eg no i juli. Boka Saman er ein mindre aleine er mi absolutte yndlingsbok, og etter å ha høyrt forfattaren Anna Gavalda seie på radio at ho tykte at filmatiseringa vart skikkeleg dårleg, var eg jo litt skeptisk til å sjå filmen. Men filmen har fått gode kritikkar, og fleire eg kjenner (også av dei som tidlegare har lese og likt boka) har hatt stor glede av filmen, så då han blei kjøpt inn til biblioteket, lånte eg han heim. Men SKUFFA er nok eit litt tamt ord for det eg kjende etter at eg hadde sett han. Filmen fekk etter mi meining ikkje fram noko av det fine samspelet mellom hovudpersonane som ein finn i boka, og heller ikkje i det heile kor store problem Camille hadde. Og så slutten, då. Den var jo heilt feil!!! Nei, eg skulle nok halde meg unna. Forstår heller ikkje heilt at folk som ikkje har lese boka tykte at dette var ein så god film, for etter mi meining var det ein del episodar som hang heilt i lause lufta. Mannen min lurte til dømes på kor det blei av sjalusidramaet mellom Franck og Philibert. Han har ikkje lese boka, og fekk det inntrykket gjennom filmen at Philibert var forelska i Camille. Huttetu! Filmen kan, som de sikkert skjønar, ikkje anbefalast.

søndag 2. mars 2008

Lene Kaaberbøl: Skuggeporten


Eg er svært glad i å lese fantacyromanar skrivne for barn og unge, og den nye boka til Lene Kaaberbøl var ikkje noko unntak: Snop for meg!


Mor til Anna forsvann for sju år sidan, og sidan har Anna og faren budd i eit drivhus i hagen, sidan faren meiner det er for farleg å bu inne i huset. Men no er Anna fjorten år, og treng fleire svar og betre forklaringar enn dei ho tok til takke med då ho var sju.


Eg las Skammarens dotter då den kom i 2003, og likte ho godt. Når ein jobbar i skulebibliotek på ein nynorskskule, er det og herleg kvar gong det kjem ut ei god bok på nynorsk. Skuggeporten kan falle i smak hjå mange av mine lånarar, trur eg.

lørdag 9. februar 2008

Ny favoritt?


I sist veke skjedde det som av og til skjer: Ei bok låg til avhenting til meg i biblioteket mitt, og eg kunne ikkje hugse å ha bestilt henne. Det fine med det, er at eg då var sikker på å ha fått eit fint tips på ein eller annan blogg der ute. Både tanken på det fine bloggtipset og blikket på det lekre omslaget gjorde at eg var svært nøgd då eg tok Diane Setterfields Den trettende fortellingen med meg heim.


Margaret Lea driv eit antikvariat saman med faren. I tillegg skriv ho små, biografiske essays. Ein dag får ho eit brev frå Vida Winter, ein av Englands mest kjende og elska forfattarar. Ho vil at Margaret skal skrive biografien hennar.


Ganske raskt etter at eg hadde starta lesinga, var eg sikker på at dette kom til å bli ein av mine nye absolutte favorittar. Det er ei fascinerande historie, godt skriven og med godt språk. Altså har både forfattar og omsetjar gjort ein god jobb. Og driven i historia held heile boka ut - nesten. Dei 10-20 siste sidene held ikkje det same nivået som resten av boka tykkjer eg. Og det er synd. Setterfield er tydelegvis av den oppfatninga at alt må forklarast, og let dermed ikkje lesaren sitje att med eit einaste ubesvart spørsmål. Og sjølv om eg jo ofte elles riv meg i håret og lurer på korleis det eigentleg gjekk i romanar eg les og likar, så tyder ikkje det at romanen nødvendigvis hadde blitt betre av at eg hadde fått vite alt, det er denne romanen eit godt døme på.


Hamnar så boka på lista over mine favorittar? Nei. Men dei 410 første sidene gav meg utruleg mykje. Så får eg heller late vere å tenkje på dei siste 16...


Og til slutt litt om omslaget igjen. Det lekre omslagsfotoet hadde selt seg sjølv, trur eg. I alle fall overfor meg. Men forlaget er i tvil om det er nok. Derfor kleiser dei på eit tåpeleg sitat av Anne B. Ragde. Det kunne dei spart seg. Sjølv om eg liker ein del av Ragdes romanar, tyder ikkje det at eg tykkjer alt ho seier er interessant og intelligent. Eg las boka trass i sitatet, ikkje på grunn av det.

søndag 9. desember 2007

Ferdig?

Ein kan vel neppe nokon gong bli ferdig med ei bok som Gifttreet, men no har eg i alle fall lese henne ut. Eg overlet til Siri å fortelje om henne, men vil bare vise til at boka no er komen inn under Mine favorittar. Og eg stuper til biblioteket for å finne meir av Barbara Kingsolver. Må nok ha ein romanlesepause etter denne, elles vert det urettvist overfor neste bok. Aviser, juleblad (!) og bloggar får vere lesestoffet mellom juleførebuingane denne veka.

onsdag 5. desember 2007

Gamle bøker om igjen

Eit par bøker før eg starta på Gifttreet gjorde eg noko som eg ikkje har gjort sidan Vigdis Hjorts Anne + Jørgen = sant, trur eg. Eg las ei bok som eg har lese før. Boka som fekk æra av å vere den einaste dobbeltlesne boka i mitt vaksenliv var Anna Gavaldas Saman er ein mindre aleine. Den er, som ein sikkert vil forstå, ei av mine absolutte favorittar. Og eg må seie at ho gav meg like mykje glede denne gongen som ho gjorde for eitt års tid sidan. Eg angrar ikkje eit sekund på dobbeltlesinga.

Siri på Bookhouse girls spurde for nokre veker sidan lesarane sine om kva for bøker eller filmar dei gret av. Det er sjeldan eg gret av bøker (den førre var Tore Renbergs Kompani Orheim), men eg gret ofte av filmar. Men bøker set meg likevel ofte i bestemte stemningar. Eg vert oppstemt av bøker som Saman er ein mindre aleine, og kan motsett også bli svært nedstemt av ein del bøker. Så ein av grunnane til å lese Gavalda om att, var jo og å kome i godt humør.