mandag 1. september 2008

Vi les barneklassikarar - om att og om att


Vesleguten les sjølv, men det er stadig like stas både for han og meg å få han i armkroken og lese høgt. Sidan mamma elskar teikneseriar, men ikkje les hans eigen favoritt Donald Duck, må mamma brukast til andre høgtlesingsfavorittar. Om att og om att trekkjer han Janosch fram frå hylla. Sjølv hugsar eg forteljingane om den vesle bjørnen og den vesle tigeren frå Barne-TV, men har og lese dei som liten lesar. Eller, liten var eg nok ikkje. Trur nok at eg følgde med på Barne-TV lenger enn NRK la opp til, men eg treivst med det.


Då Samlaget kom med ei ny samlebok om tigeren og bjørnen i 2004, Med tigeren og bjørnen til Panama, var eg ikkje sein om å trykke på Kjøp-knappen på Blåmann barnebokklubb sine nettsider. Dei seks forteljingane gler vi oss over igjen og igjen, både vesleguten og eg. Janosch har småfilosofiske og humoristiske tekstar, og flotte illustrasjonar som fortel ei breiare historie enn den teksten gjev. Nokre gonger er humoren synlegare for vaksenlesaren enn for barnelesaren. Trur ikkje eg er den einaste vaksne som kjenner meg igjen i dette vesle sitatet:


Om natta vekte den vesle tigeren den vesle bjørnen og sa:
"Det er noko meir eg må seie deg før du sovnar [...]"

(Frå Tigerpost i Med tigeren og bjørnen til Panama, Samlaget, 2004, s. 112. Omsetjinga frå tysk til glitrande nynorsk er gjort av Hanna Midtbø.)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Fristende! (Og jeg syns jamen jeg ser en frosk, på omslaget, også?)

Satt opp på min bestemorsinnkjøpsliste!

Astri

Aina Basso sa...

Så fint! Kanskje eg må kjøpe denne boka, eg òg?! (Til meg sjølv, altså :)

Tove sa...

Astri: Eit must for bestemødre, vil eg seie. ;-) Gled deg!

Aina: Ja, det ville eg gjort om eg var deg! Fin, fin bok å ha i hylla - og sjølvsagt å ta fram og!