lørdag 27. september 2008

Ei viktig bok


Lotta Elstads En såkalt drittjobb (Manifest 2008) er ei viktig bok. Viktig fordi den fortel ei historie om Noreg i dag som vi kanskje ikkje trur finst. Ein variasjon over same historie som eg tidlegare har lese om i Barbara Ehrenreichs Kjøpt og underbetalt. Om (ikke) å klare seg i Amerika frå 2003. Ei historie som eg trudde var ”typisk amerikansk”, men som faktisk viser seg å finnast også i Noreg. Det handlar om at folk som arbeider innan nokre yrke har ei inntekt som ligg langt under den såkalla fattigdomsgrensa, ei inntekt det er svært vanskeleg å leve av. Journalisten Lotta Elstad jobba ei stund (ein månad? To? Det kjem ikkje klart fram) som reinhaldsringevikar for eit Thon-hotell. Etter denne i beste fall interessante opplevinga har ho skrive bok om korleis ho sjølv og kollegaane vart behandla. Det set ikkje Thon-hotella i eit svært godt lys. Snarare tvert om. Men ein får likevel ikkje kjensla av at Thon-hotella er dei einaste innan bransjen som både betalar og behandlar medarbeidarane sine dårleg. Eg veit ikkje kva eg skal gjere med den informasjonen eg no sit med. Men les boka – og fortel meg det etterpå!

Ingen kommentarer: