tirsdag 31. juli 2007

Arto Paasilinna: Harens år



I mange år las eg bare norsk og svensk litteratur (og mykje av det var krim). Eg veit ikkje kvifor, men eg er nok nokre gonger (men slett ikkje alltid) av av den typen som tykkjer at det kjende er det tryggaste. Det norske og svenske landskapet og livet kunne eg identifisere meg med, så dermed valde eg bøker derfrå. Eg veit ikkje, det var vel litt tilfeldig og. I alle fall har ting endra seg: Med lesesirkelen var det brått ikkje bare eg som bestemde kva som skulle lesast, og dermed fann eg ut (surprise, surprise) at det var eit vell av god litteratur der ute - frå alle verdsdelar. Dermed kjem bøker som eg elles aldri ville vurdert å lese, som Harens år, med i utvalet av bøker som kan hende er lesverdige, og derfor kan lånast heim. Då det skulle bunkrast bøker før ferien, hamna den i bunka, og vart temmeleg raskt teken fram for å lesast.

Vatanen, ein finsk journalist, og fotografkollegaen hans er ute på oppdrag på den finske landsbygda, og køyrer i vanvare på ein liten hareunge. Medan fotografen vil køyre vidare, vil Vatanen stoppe og ta seg av haren, og det endar med at journalisten gjev seg ut på ei (endelaus?) ferd i skog og mark og landsbygd, der han møter mange rare personar, og kjem oppi nokre merkelege hendingar. Eg kosa meg med denne boka i starten; ho var lettlesen og underhaldande, og eg lo høgt fleire gonger. Men på eit eller anna tidspunkt var eg metta. Eg veit ikkje om det var humøret mitt eller boka, men i alle fall la eg ho hardt frå meg då eg var over halvvegs (og det gjer eg svært sjeldan; 30 sider plar halde for å sjå om boka er noko for meg eller ikkje), og har sidan ikkje sett på henne. Det vart for mykje finsk meiningsløyse, som ein overdose Kaurismäki-filmar (5 på ein kveld, eller der omkring, viss de skjønar kva eg meiner?), eller kan hende humoren eg slutta å skjøne. Var i ferd med å levere henne inn att til biblioteket, då eg kom på at eg kan hende måtte blogge om henne for å høyre om andre sine erfaringar.

Dikt

HENTET

Barn
har en egen måte

å bruke språket på.
I barnehagen der

sønnen min går,
blir de for eksmpel ”henta”.

Sunniva, du er henta! roper
de, når for eksempel Sunniva

blir hentet, og Sunniva
slipper det hun har i hendene

løper hvinende
nedover skråningen

rett
i armene på den

som står ved poreten
og er kommet for å hente.

Når også jeg en gang
får øye på

at noen står i porten
og skal hente meg

da håper jeg
at det vil skje

nøyaktig slik.



Johann Grip
(frå Enkle dikt, Cappelen 2003)

Mark Haddon: Den merkelige hendelsen med hunden den natten


Forlaget skriv: "Christopher er femten år og lider av en mild form for autisme. En dag finner han hunden til Mrs Shears stukket i hjel med en høygaffel og bestemmer seg for, som selveste Sherlock Holmes, å løse mysteriet." Dette er ei svært spesiell bok om ein svært spesiell gut. Det er Christopher sjølv som er forteljar i boka, og det er interessant å sjå livet og hendingar gjennom augene og tankane til ein autist. Dette er ei god bok, og ei annleis bok, men eg har ein advarsel: Ikkje les på baksida av boka før du har lese henne ut, ikkje gjer det. På denne som på mange andre bøker meint for eit vakse publikum, har forlaget skrive for mykje på vaskeseddelen (eg har bare sitert starten ovanfor). Så mykje at det kan øydeleggje for litt av lesegleda. Dette skjer så godt som aldri på bøker for barn (heldigvis), og det er rart at ikkje forlaga i iveren sin etter å la nokon få lyst til lå lese boka er flinkare til å porsjonere ut kor mykje som bør skrivast også for vaksne.

Den offisielle opninga

Eg har ikkje laga nokon blogg før, og ikkje har eg lese nokon blogg frå starten av heller, så eg veit ikkje korleis ein plar å starte. Eg hadde jo eigentleg ein plan sjølv, men eg vart så ivrig i går etter å sjå korleis bloggen blei sjåande ut at eg gløymde erklæringa eg hadde tenkt å kome med. Den kjem her:

Dette vert ikkje ein blogg om privatlivet mitt eller om jobben min. Dette vert ein blogg om bøkene eg har lese, om bøkene eg vil anbefale til andre, og ein blogg der bøker kan diskuterast. Og så dikta, dei må eg ikkje gløyme. Eg er svært glad i dikt, og vil nok legge ut ein del av dei eg liker godt. Viss eg kan inspirere nokon til å lese nokre av dei bøkene eg har lese, er det gildt. Eg har sjølv blitt inspirert til lesnad gjennom bokbloggar no i sommar. Dersom andre kjem med kommentarar om bøker og med boktips til meg her på bloggen min, vert eg og glad.

mandag 30. juli 2007

Dikt


noe vakkert

det går opp for meg at jeg har skrevet 77 sider uten å si at himmelen er fantastisk vakker og har vært det hele uken, hele måneden, hele himmelen i hele november, vært vakker, og det samme har byen min, og gatene, og snøen i gatene, og fotsporene dine i snøen, og månen om kvelden og nettene, ikke et ord, går det opp for meg, om månen om kvelden og nettene, kveldene våre, med det skinn inn i rommet, et skinn fra gatene, et skinn i huden din, hver kveld, hele november, en teint, av byen og himmelen og deg

Nils-Øivind Haagensen
(frå Nils-Øivind Haagensen skriver, Cappelen 2005)

Nils-Øivind Haagensen: Nils-Øivind Haagensen skriver



Dedikasjonen i denne boka er nydeleg:



i "Oder" skriver Fernando Pessoa til Chloe og Lydia, i "En følsom tid" skriver Rune Christiansen til Kristin og Heidi og Marianne, i "Fødselsdagsbrev" skriver Ted Hughes til Sylvia Plath, i "Ariel" skriver Sylvia Plath til Ted Hughes, i "The pill versus the springhill mine disaster" skriver Richard Brautigan til Marcia Pacaud fra Montreal, i "Los conjurados" skriver Jorge Luis Borges til Maria Kodama, i "Moy sand and gravel" skriver Paul Muldoon til Dorothy, i "Det omöjliga" skriver Göran Sonnevi til Lena, i "Isla negra" skriver Pablo Neruda til Terusa og Rosaura og Delia og Josie Bliss og her skriver jeg til deg, søta



Dette er ei lita bok, ei diktsamling i følge forlaget og forfattaren. Ikkje alle tekstane som ser ut som dikt etter mine (snevre?) omgrep. Men dei er nydelege. Små kjærleikserklæringar frå Nils-Øivind til Anna, anten i form av brev, dikt eller andre småtekstar. Eg har lese boka frå perm til perm (rettare sagt: Eg er ikkje heilt ferdig enno, men det er på det viset eg les henne i alle fall), men ho må nytast i små porsjonar om gongen, så eg har vel brukt 2-3 veker på henne til no, og lese andre bøker innimellom. Sjølvsagt er også mange av einskildtekstane vakre i seg sjølv, men som eit heile vert det ei lita forteljing om desse to, Anna og Nils-Øivind. Les og nyt!