tirsdag 31. juli 2007

Den offisielle opninga

Eg har ikkje laga nokon blogg før, og ikkje har eg lese nokon blogg frå starten av heller, så eg veit ikkje korleis ein plar å starte. Eg hadde jo eigentleg ein plan sjølv, men eg vart så ivrig i går etter å sjå korleis bloggen blei sjåande ut at eg gløymde erklæringa eg hadde tenkt å kome med. Den kjem her:

Dette vert ikkje ein blogg om privatlivet mitt eller om jobben min. Dette vert ein blogg om bøkene eg har lese, om bøkene eg vil anbefale til andre, og ein blogg der bøker kan diskuterast. Og så dikta, dei må eg ikkje gløyme. Eg er svært glad i dikt, og vil nok legge ut ein del av dei eg liker godt. Viss eg kan inspirere nokon til å lese nokre av dei bøkene eg har lese, er det gildt. Eg har sjølv blitt inspirert til lesnad gjennom bokbloggar no i sommar. Dersom andre kjem med kommentarar om bøker og med boktips til meg her på bloggen min, vert eg og glad.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Åh, så hyggelig med en ny bokblogg! Jeg oppdaget deg akkurat nå - og jammen ser jeg ikke at du har linket til meg også. Så trivelig! :-) Jeg legger deg entusiastisk til bloggrollen min, for dette er et sted jeg gjerne vil titte innom fast. Flott start!

Tove sa...

Så gildt med tilbakemelding! :-) Ein har jo gjerne lyst til å ha lesarar på ein slik blogg, men det veit vel du og. Eg er stor fan av bloggen din!

Anonym sa...

Eg trur det er mykje opp til deg sjølv og kva du meiner sjølv. Kva kjennast bra ut for deg? Du avgjer sjølv!

(Se, eg gjer eit forsøk på å skrive på nynorsk, hehe.)