mandag 25. februar 2008

E-diktet - eit flott prosjekt

Østfold fylkesbibliotek har saman med Norske barne- og ungdomsbokforfattere sett i gang prosjektet e-diktet, som sender eit nyskrive dikt for barn på e-post ein gong i veka til alle interesserte. Eit fantastisk tiltak, tykkjer no eg! Les meir eller meld deg på her. Tek med e-dikt nr. 3-08, skrive av Gro Dahle:



HVA GJØR ORDENE?

Hva holder ordene på med
når ingen leser dem?
Sover de?
Venter de?
Ligger de bare
på arket
og lytter?
Håper?
Lengter?
Hva driver ordene med
i bokmørket
når boka er stengt?
Når boka står i hylla
mellom andre bøker
og klemmer permene sine sammen,
hva gjør ordene da?
Hva tenker ordene på?

Hva gjør du
når ingen ser deg?

torsdag 21. februar 2008

Tikk takk

I dag vil eg dele med lesarane eit dikt frå ei av yndlingsplatene mine, Kaya Brüels Jeg fandt en sang på vejen. Diktet er skrive av Halfdan Rasmussen, slik alle tekstane på plata er, og det er Kayas oldefar Axel Brüel som har skrive melodiane. Det er eigentleg ei barneplate, men ho er herleg passande for alle aldrar, både melodi- og tekstmessig.





Der er et lille ur



Der er et lille ur,
der går så tyst.
Et lille urværk
inde i mit bryst.



Jeg lytter til
det lille urs musik,
som aldrig standser
blot et øjeblik.



Å, lille hjerte,
røde snurretop.
Hvem trækker mon
det lille urværk op?

tirsdag 19. februar 2008

Cecilie Enger: Himmelstormeren. En roman om Ellisif Wessel


Dette er romanen om overklassejenta Ellisif som trassar mange (inkludert mor), giftar seg med fetteren Andreas som utdannar seg til lege, og sidan flyttar med han til Kirkenes og arbeider med han blant sveltande og sjuke fattigfolk. Det er ein biografisk roman, "based on a true story" som amerikanarane merkar filmane sine, og forfattaren har brukt dei mange breva som Ellisif (fødd i 1866) skreiv til familie og venner, deriblant Johan Falkberget, som bakteppe for handlinga. Med alt elendet dei ser rundt seg, og den manglande viljen blant dei betre stilte og offentlege personar til å sjå årsakane til sjukdom og naud, vert Ellisif og Andreas meir og meir politisk medvitne og aktive, og beveger seg frå Høgre mot sosialistane (i Andreas sitt tilfelle) og kommunistane (Ellisif).


Dette er romanen som fekk meg til å gråte fleire gonger, i sympati med Ellisif som opplever gjentekne abortar, og som når ho endeleg klarer å bere fram eit barn, Peter Jan, mister han i tuberkolose bare 10 månadar gammal.


Etter som Ellisifs liv skrid fram, vert romanen meir og meir prega av den politiske rørsla ho er med i og fagforeiningsarbeidet ho er drivkrafta bak. Dette er ein svært viktig del av livet hennar, og svært interessant å følgje med på, men eg tykkjer av og til at romanen får eit litt oppramsande preg. Men det er absolutt ei bok eg vil anbefale, og som greip meg sterkt då eg las henne.


Les gjerne også bokmeldinga til Catrine Krøger i Dagbladet og omtalen til NRK.

lørdag 9. februar 2008

Ny favoritt?


I sist veke skjedde det som av og til skjer: Ei bok låg til avhenting til meg i biblioteket mitt, og eg kunne ikkje hugse å ha bestilt henne. Det fine med det, er at eg då var sikker på å ha fått eit fint tips på ein eller annan blogg der ute. Både tanken på det fine bloggtipset og blikket på det lekre omslaget gjorde at eg var svært nøgd då eg tok Diane Setterfields Den trettende fortellingen med meg heim.


Margaret Lea driv eit antikvariat saman med faren. I tillegg skriv ho små, biografiske essays. Ein dag får ho eit brev frå Vida Winter, ein av Englands mest kjende og elska forfattarar. Ho vil at Margaret skal skrive biografien hennar.


Ganske raskt etter at eg hadde starta lesinga, var eg sikker på at dette kom til å bli ein av mine nye absolutte favorittar. Det er ei fascinerande historie, godt skriven og med godt språk. Altså har både forfattar og omsetjar gjort ein god jobb. Og driven i historia held heile boka ut - nesten. Dei 10-20 siste sidene held ikkje det same nivået som resten av boka tykkjer eg. Og det er synd. Setterfield er tydelegvis av den oppfatninga at alt må forklarast, og let dermed ikkje lesaren sitje att med eit einaste ubesvart spørsmål. Og sjølv om eg jo ofte elles riv meg i håret og lurer på korleis det eigentleg gjekk i romanar eg les og likar, så tyder ikkje det at romanen nødvendigvis hadde blitt betre av at eg hadde fått vite alt, det er denne romanen eit godt døme på.


Hamnar så boka på lista over mine favorittar? Nei. Men dei 410 første sidene gav meg utruleg mykje. Så får eg heller late vere å tenkje på dei siste 16...


Og til slutt litt om omslaget igjen. Det lekre omslagsfotoet hadde selt seg sjølv, trur eg. I alle fall overfor meg. Men forlaget er i tvil om det er nok. Derfor kleiser dei på eit tåpeleg sitat av Anne B. Ragde. Det kunne dei spart seg. Sjølv om eg liker ein del av Ragdes romanar, tyder ikkje det at eg tykkjer alt ho seier er interessant og intelligent. Eg las boka trass i sitatet, ikkje på grunn av det.

mandag 4. februar 2008

Økland-favorittar 2

I dag er ein fin dag for eit Einar Økland-dikt. Dette er frå samlinga Du er så rar (Samlaget, 1973)


Den nye guten i gata

Du er så rar.
Du berre smiler.
Du har grøn jakke
og lyst hår
og liten nase
og store støvlar
og brød i handa
og baklommer bak.
Deg har eg lyst til å leike med.