lørdag 9. februar 2008

Ny favoritt?


I sist veke skjedde det som av og til skjer: Ei bok låg til avhenting til meg i biblioteket mitt, og eg kunne ikkje hugse å ha bestilt henne. Det fine med det, er at eg då var sikker på å ha fått eit fint tips på ein eller annan blogg der ute. Både tanken på det fine bloggtipset og blikket på det lekre omslaget gjorde at eg var svært nøgd då eg tok Diane Setterfields Den trettende fortellingen med meg heim.


Margaret Lea driv eit antikvariat saman med faren. I tillegg skriv ho små, biografiske essays. Ein dag får ho eit brev frå Vida Winter, ein av Englands mest kjende og elska forfattarar. Ho vil at Margaret skal skrive biografien hennar.


Ganske raskt etter at eg hadde starta lesinga, var eg sikker på at dette kom til å bli ein av mine nye absolutte favorittar. Det er ei fascinerande historie, godt skriven og med godt språk. Altså har både forfattar og omsetjar gjort ein god jobb. Og driven i historia held heile boka ut - nesten. Dei 10-20 siste sidene held ikkje det same nivået som resten av boka tykkjer eg. Og det er synd. Setterfield er tydelegvis av den oppfatninga at alt må forklarast, og let dermed ikkje lesaren sitje att med eit einaste ubesvart spørsmål. Og sjølv om eg jo ofte elles riv meg i håret og lurer på korleis det eigentleg gjekk i romanar eg les og likar, så tyder ikkje det at romanen nødvendigvis hadde blitt betre av at eg hadde fått vite alt, det er denne romanen eit godt døme på.


Hamnar så boka på lista over mine favorittar? Nei. Men dei 410 første sidene gav meg utruleg mykje. Så får eg heller late vere å tenkje på dei siste 16...


Og til slutt litt om omslaget igjen. Det lekre omslagsfotoet hadde selt seg sjølv, trur eg. I alle fall overfor meg. Men forlaget er i tvil om det er nok. Derfor kleiser dei på eit tåpeleg sitat av Anne B. Ragde. Det kunne dei spart seg. Sjølv om eg liker ein del av Ragdes romanar, tyder ikkje det at eg tykkjer alt ho seier er interessant og intelligent. Eg las boka trass i sitatet, ikkje på grunn av det.

Ingen kommentarer: