fredag 30. november 2007

Skumle anbefalingar

No har Barbara Kingsolvers Gifttreet lege i har-lyst-å-lese-hylla mi sidan i sommar. Eg lånte henne fordi eg hadde lyst til å lese henne. Det har blitt nokre fornyingar. For eg har liksom ikkje heilt visst om eg skulle tore å starte likevel. Siri på Bookhouse girls har skrive at dette er ei av dei beste bøkene ho har lese. Og dermed fekk eg jo lyst til å lese henne. Men så er det det der med forventningar, då. Tenk om eg ikkje skulle like henne fordi eg hadde for høge forventningar til henne? Så ho har altså blitt liggande. Og kvar gong det var tid for å starte på ei ny bok, heldt eg henne i handa og tenkte: Skal eg starte på denne, tru? Men nei: Torer ikkje! Men no har motet endeleg kome, og eg har starta. Og det er eg verkeleg glad for! Eg er bare eit par kapittel i veg, men det er ei fascinerande forteljing.

torsdag 8. november 2007

Økland-favorittar 1

Einar Øklands barnelitteratur har ein heilt spesiell plass i hjartet mitt. Han har så mange fine og underlege tekstar! Her er det diktet eg likar aller best, frå barnebokdebuten Du er så rar (Samlaget, 1973):



Grøn mose

I den grøne mosen
har regnet krope ned.
Set deg i den grøne mosen
så skal du kjenne det.

Ønskebok

Sjølv om opninga var i slutten av september, har førebels ingen (så vidt eg har klart å følgje med på) blogga om onskebok.no . Så no må eg til pers. Ønskebok er ein nettstad der ein kan finne bøker på ein annan måte enn ein kan gjennom andre kanalar. Søker ein på nettet eller i bibliotekkatalogar, må ein som regel vite forfattarnamn eller tittel for å finne fram til bøker.

På eit bibliotek kan bibliotekaren (-ane) gje deg anbefalingar. På Ønskebok kan du spørje mange bibliotekarar på ein gong, utan å snakke med dei, og du kan leggje inn i kor stor grad kriterium som blant andre lett/krevjande, glad/trist, kort/lang skal vere til stades i den boka du ønsker å lese. Om du vil kan du velje kva for stad i verda (eventuelt i ei tenkt verd) handlinga i boka skal finne stad i, kva for kjønn hovudpersonen skal ha eller om boka skal vere på nynorsk, skal vere ei lydbok, eller og skal finnast som film.

Som bibliotekar er eg jo programforplikta til å formidle nettstaden onskebok.no til lånarane mine, og dermed må eg jo prøve sjølv først! Morosamt. Annleis. Men etter nokre få gonger, og sjølv om eg har eit stort håp om at dette skal bli stort, flott og mykje brukt, er det dessverre slik at eg merkar: Det er ikkje slik eg finn fram til bøker. Men det er kanskje fordi eg har så god tilgang til bøker på jobben? Eller fordi eg ikkje har hatt tid/krefter/overskot nok til å setje meg ned lenge med dette? Kva tykkjer de der ute om Ønskebok?

lørdag 3. november 2007

Sol

Eva Jensen kjenner eg best som barnebokforfattar. Hennar Alle i Alta kan, Tre høns på plenen og fire egg og Alt kan begynne med kvitt er heilt fantastisk lesnad. Og ser ein og på illustrasjonane til Gry Moursund - og det gjer ein jo - vert det tilsaman ei stor oppleving både for små og store. For ikkje lenge sidan kom eg og over eit dikt frå "vaksenforfattaren" Eva Jensen (frå Plukke stjerner med hendene, Samlaget 1997):




Framfor meg på bussen sat ein mann med gult hår.
Eg bøygde meg sakte fram og kyssa han i nakken. Det var
akkurat så godt som eg hadde trudd. Han lét avisa falle ned
i fanget.
Sjåfør! Få ho ut!
Eg lente meg like sakte tilbake og såg ut.
Eg meiner det var sol den dagen.

torsdag 1. november 2007

Å lese andre sine bloggar

Eg er ein stor beundrar av bloggen Bookhouse girls. Det var den første bokbloggen eg las. Eg fekk tips av ein lånar (takk, Astri!), og har lese bloggen jamnleg sidan eg oppdaga han. Siri skriv godt om bøkene ho har lese, og får meg svært ofte til å setje dei på eiga leseliste. Men sjølv om innlegget er godt skrive, er det slett ikkje alltid eg er samd med henne i begeistringa for ei bok. Men av og til fell smaken saman. No sist var det Audrey Niffeneggers Den tidsreisendes kvinne (Aschehoug 2006). Innlegget til Siri var det som fekk meg til å låne boka, og eg vart bergteken. Og sjølv eg, som nesten aldri kjøper bøker, er samd i at dette er ei eige-sjølv-bok. Ho står herved på ønskelista mi til jul.

Skrekkeleg lenge

Eg må gjere plass til eit dikt igjen, og tek fram eitt av Ingvar Moe, frå Barre litt, altså (Eide, 1989).



Perspektiv

Du ska skaffa deg frø
før moldjordo fryse
Du ska ulma og glø
mens endå du lyse
Du må handla litt fort,
for butikkane stengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje

Du ska dansa kvar dans
mens tonane strøyme.
Og drikk uten stans
nå’ livet det fløyme
Men rot di kje bort
dei draumar du vrengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje

Nå’ hu ber deg bli,
så skund deg å svara
D’e dårligt me ti’,
men la di då vara
tå finaste sort
dei ordo du slengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje

Så kom an og lev,
for sjøl om du tøkje
at livet e strev,
så e der så møkje
du aldri får gjort
Og sorgjo, hu sprengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje