onsdag 10. oktober 2007

Nestennedlegging

I førre veke var det like før eg la ned heile bloggen. Men no er eg glad for at eg ikkje gjorde det likevel. Og glad for fine tilbakemeldingar frå kollegaar og andre bloggarar. Og sidan den "gamle" skattkista mi nyleg blei etterlyst, er det på tide å vise henne fram her. Den gamle skattkista er ei liste. Eller rettare: Mange lister. Og det er lettare å oppdatere lister enn å oppdatere bloggar. Derfor vert nok den gamle skattkista oppdatert oftare enn den nye. Og sidan den gamle skattkista også er ein god arbeidsreiskap for meg sjølv, er det nok den som lever lengst.

Hyllelusking


Oppmuntra av kor vellukka det blei å velje bok ut frå omslag sist - Safrankjøkkenet var ei god bok som eg håper å kome tilbake til her i bloggen etter at lesesirkelen har teke henne for seg - tok eg med meg ei ny bok heim her forleden. Sette på plass bøker og kom over Katarina Danielssons Livet vinker (som en Kurt), utgjeven på Gyldendal i 2003. Det var forresten meir tittelen enn eigentleg omslaget som fenga, men det var vel ein kombinasjon. Og nok ein gong vart det blink. Dette er ikkje stor litteratur, men ho gjorde meg godt. Og eg var framleis i ei slik form at eg trengde ei bok som kunne gjere meg godt. Rygger de om eg skriv småkoseleg? Håper ikkje det, for det er godt meint. Lett og fint når du treng litt lett og fint. Men ikkje lettvint, altså. "En uhøytidelig og fin debut", skreiv Anne Cathrine Straume i NRK.

Tragisk komedie? Komisk tragedie?

Har ledd og kost meg gjennom Noe til besvær, og er svært nøgd. Las ho nokre dagar der eg var sliten og trøytt, så låtten vart rein medisin. Og utan biverknadar! Bortsett frå at eg jo vil ha meir Haddon. Så eg får ta eit grundigare søk. Eller lese noko anna fint.

tirsdag 2. oktober 2007

Mark Haddon-kos


Eg har tidlegare i bloggen fortald litt om Mark Haddons Den merkelige hendelsen med hunden den gangen, som eg likte utruleg godt, og som var heilt annleis enn noko anna eg har lese. Måtte jo derfor fluksens finne ut om Haddon hadde skrive andre romanar som har kome ut på norsk. Og i mitt bibliotek fanst ei av i år: Noe til besvær. Denne var utlånt, så det tok litt tid før eg fekk henne, og eg har dessutan venta litt med å starte med henne, men no er eg i gang. Og eg kosar meg! Og boka fenger meg på ein heilt annan måte enn den førre. Eg vart riven med i forteljinga allereie på første side, og må gje dykk eit sitat for å vise kva eg falt for:



"Det begynte da George sto og prøvde en svart dress hos Alders uken før Bob Greens begravelse. [...] Han hadde tatt av seg buksene og var i ferd med å ta på seg dressbenklærne da han la merke til en liten oval flekk på hoften, den var mørkere enn huden omkring, og den flasset litt. Han kjente kvalmen stige og måtte tvinge tilbake litt oppkast som dukket opp i svelget.

Kreft. [...]

Han ville bli nødt til å ta livet av seg."


Frå Mark Haddon Noe til besvær, Pax 2007, s. 1-2



For meg vert dette både tragisk, komisk og interessant. Det handlar slett ikkje om sjølvmord heile tida, og synsvinkelen i boka skiftar mellom George, kona Jean, dottera Katie og sonen Jamie. Eg har ikkje kome så veldig langt enno (s. 134), men dette er ei bok som eg koser meg med og som eg vil anbefale til andre.