tirsdag 2. oktober 2007

Mark Haddon-kos


Eg har tidlegare i bloggen fortald litt om Mark Haddons Den merkelige hendelsen med hunden den gangen, som eg likte utruleg godt, og som var heilt annleis enn noko anna eg har lese. Måtte jo derfor fluksens finne ut om Haddon hadde skrive andre romanar som har kome ut på norsk. Og i mitt bibliotek fanst ei av i år: Noe til besvær. Denne var utlånt, så det tok litt tid før eg fekk henne, og eg har dessutan venta litt med å starte med henne, men no er eg i gang. Og eg kosar meg! Og boka fenger meg på ein heilt annan måte enn den førre. Eg vart riven med i forteljinga allereie på første side, og må gje dykk eit sitat for å vise kva eg falt for:



"Det begynte da George sto og prøvde en svart dress hos Alders uken før Bob Greens begravelse. [...] Han hadde tatt av seg buksene og var i ferd med å ta på seg dressbenklærne da han la merke til en liten oval flekk på hoften, den var mørkere enn huden omkring, og den flasset litt. Han kjente kvalmen stige og måtte tvinge tilbake litt oppkast som dukket opp i svelget.

Kreft. [...]

Han ville bli nødt til å ta livet av seg."


Frå Mark Haddon Noe til besvær, Pax 2007, s. 1-2



For meg vert dette både tragisk, komisk og interessant. Det handlar slett ikkje om sjølvmord heile tida, og synsvinkelen i boka skiftar mellom George, kona Jean, dottera Katie og sonen Jamie. Eg har ikkje kome så veldig langt enno (s. 134), men dette er ei bok som eg koser meg med og som eg vil anbefale til andre.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Denne har jeg nå bedt biblioteket holde av til meg. På grunn av dette innlegget. :-)

Tove sa...

Så kjekt! Tenkte eg skulle skrive litt meir om henne no då ho er ferdiglesen. Eg lo og lo! Samstundes er det jo til tider ganske traurige hendingar som vert skildra. Tragisk komedie? Komisk tragedie?