søndag 16. november 2008

500 sider med leseglede


Eg har fått ein ny favoritt! Han er på 511 sider. Etter 300 av dei kjende eg at eg blei lei meg. Bare 200 sider att! Slikt er verkeleg eit teikn på at eg har med ei god bok å gjere.

Under den andre verdskrigen vart mange engelske soldatar gifte med austalske jenter. Etter krigen vart desse såkalla krigsbrurene førde ”heim” til England med store skip, slik at dei kunne få vere saman med ektemennene sine. Jojo Moyes Over havet (Cappelen 2007) handlar om 600 krigsbrurer som i 1946 vert frakta til England med hangarskipet Victoria. Spesielt følgjer vi dei fire unge jentene i lugar 3G, og får del i korleis deira reise over havet artar seg.

Forfattaren må ha gjort eit grundig research-arbeid. Kvart kapittel vert innleia av sitat frå aviser, bøker og dagbøker som fortel korleis desse krigsbrureoverfartane arta seg i det verkelege livet. Det gjer at eg som lesar vert merksam på at dette, trass i at det er ein fiksjon, også har element av sanning, krigs- og etterkrigshistorie, i seg.

Romanen er tidvis så spennande at eg kjenner sug i magen. Mot slutten vart det nesten uuthaldeleg. Trass sol og opphaldsver sat eg inne. Sundagsturen måtte vente til boka var utlesen.
Eg trudde eg kunne takke Jorid på Ord om annet for å ha tipsa meg om denne. Men no kan eg ikkje finne noko om Over havet hjå henne. Kan hende har eg funne fram til boka heilt av meg sjølv? Viss ikkje: Takk til deg som tipsa meg om denne perla av ei bok!

fredag 14. november 2008

torsdag 13. november 2008

Bella & Gustav


Var du barn i 1983? Det var eg. Rett nok eit litt eldre barn enn målgruppa for Eva Erikssons forteljingar om Bella og Gustav. Men eg likte dei små forteljingane kjempegodt, og kan hugse at eg las dei om att og om att. For eit par år sidan lånte eg Bella og Gustav. Fire bøker i ett bind (Bokklubbens barn 1983) heim for å sjå om vesleguten og falt for forteljingane. Det vart suksess. Såpass stor at eg måtte låne boka att no i haust for å friske opp minnene.

Alle dei fire forteljingane har stor sjarm, men eg liker best Hokus pokus eller da Gustav ikke ville legge seg, og Tannreisen. I Hokus pokus tryllar Gustav seg om til ei heks for å sleppe å leggje seg. ”Det er en liten, men utrolig gammel heks. Sekstitretti år! Hun har tryllet bort Gustav. Hokus pokus bare. Så nå kan han faktisk ikke gå og legge seg. – Dessverre! kakler heksa.”


Eva Eriksson har sjølv illustrert bøkene sine. Midt i blinken-illustrasjonar som gjev mykje til både ein liten og ein stor lesar. Tekst og illustrasjon spelar på lag, og ikkje alt trengst å seie to gonger, dvs. både presenterast i tekst og bilete.

No kjenner eg at eg har vanskeleg for å levere boka på biblioteket, og mykje tyder på at eg må ut på bruktbokmarknaden for å finne denne vesle boka igjen. Den passar så godt i bokhylla mi.

P.S. På leit etter illustrasjonsbilete, fann eg denne nettsida om biletboka. Vel verdt eit lite besøk om ein ønsker å bli betre kjend med Bella og Gustav.

onsdag 12. november 2008

Bøkene vi høyrer mykje om


Hjå Ståle på skrift sa eg for nokre dagar sidan mi meining når det gjeld bøker som det vert snakka og skrive mykje om, og som får andreutgåvene sine påsmurt sitat frå kjende personar om kor godt dei likte bøkene. Ofte får slike storfokuseringar meg til å rygge, men i fjor las vi ei slik bok, Khaled Hosseinis Drageløperen, i lesesirkelen min. Eg likte historien, men var ikkje overbegeistra for språket i romanen. Dessutan tykte eg ikkje at boka var så fantastisk som ”alle” ville ha det til. Det luraste for meg er nok å vente til stormen om slike bøker har lagt seg, og deretter vurdere om det er bøker eg kan tenkje meg å lese. Då vert det ikkje så mange forventningar å leve opp til under lesinga, og boka får truleg ei meir rettferdig behandling av mitt kritiske blikk.

Dei siste dagane trur eg likevel eg har lese ei slik bok. Eg skriv trur, for eg hadde ikkje høyrt om boka før ein god kollega av meg instendig anbefalte Cecilia Samartins Señor Peregrino (Juritzen 2008) til meg. Eg reserverte boka, og ei vekes tid seinare låg ho i hylla mi. I paperback-utgåve og med ikkje mindre enn fem sitat på seg. Eg oversåg sitata og starta rett på. Det gjorde eg lurt i. Dette var verkeleg ein fin roman.

Jamilet er ei nydeleg jente, men har eit stort og skjemmande fødselsmerke som går frå nakken og ned til knehasane. Sjølv om jordmora får taleforbod om dette, er dette ei for stor hending til at ho klarer å halde munn. Snart veit alle i den vesle, meksikanske landsbyen at ungen har fått djevelens merke på seg. Mor hennar bekymrar seg for korleis det skal gå med dottera, og sender gjennom heile Jamilets oppvekst stadig bod på nye menn som meiner dei kan hjelpe til med å få merket til å forsvinne. Ingen av dei lukkast i dette. Då mor til Jamilet etter mange år frå høyre frå ein amerikansk lege at fødselsmerket ikkje kan takast bort, får ho hjarteattakk, og døyr seinare av dette. Men Jamilet sjølv har ikkje gjeve opp håpet om at merket kan fjernast, og drøymer om å reise nordover, til USA, for å få gjort noko med det.


Viss du ikkje har høyrt så mykje om denne romanen at du har fått overdose allereie, er det ein roman som er vel verdt å lese!

mandag 3. november 2008

Spennande, spennande


Johan Harstad er ikkje min type forfattar har eg tidlegare så bastant proklamert. Eg har prøvd meg på både Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, og Hässelby, men har ikkje klart å fullføre nokon av dei. No var eg nøydd til å ta fatt på ein tredje Harstad-roman, i embeds medfør. Som ein del av kulturbyåret Stavanger 2008, skal alle niandeklassingane i Rogaland skal få Johan Harstad sin nye spesialskrivne roman Darlah som kom ut på CappelenDamm no i haust. Eg skal vere med på overrekkinga i min kommune i morgon, og i det høvet har eg lese boka.

NASA, USA sitt sentrale organ for romforsking, set under mystiske omstende i gang eit lotteri for ungdom over heile verda mellom 14 og 18 år. Premiane er gjeve; 3 ungdommar skal verte trekte ut til å bli med på ei romferd til månen, til ein månebase, Darlah, som ingen nokon gong tidlegare har høyrt snakk om. I ei storstilt reklamekampanje vert ungdommar oppmuntra til å melde seg på i konkurransen.

Vi møter Mia frå Stavanger som spelar i band, Midori frå Tokyo som ikkje føler at ho passar inn blant dei andre ungdommane ho går på skule med, og Antoine frå Paris som er saman med drømmekjærasten.

Darlah har alt ein ungdomsroman treng for å bli ein god ungdomsroman: Kjærleik, teite foreldre, spenning, kjærleikssorg og ei kjensle av å vere annleis. Dette er verkeleg ei spennande bok, så spennande at det av og til gjekk kaldt nedover ryggen på meg. Men det er med Darlah som mannen min seier det er i filmen Haisommer: Det er skumlast før ein ser haien. Likevel er dette ein ungdomsroman vel verdt å lese, og eg trur mange ungdommar vil like han godt.