mandag 3. november 2008

Spennande, spennande


Johan Harstad er ikkje min type forfattar har eg tidlegare så bastant proklamert. Eg har prøvd meg på både Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, og Hässelby, men har ikkje klart å fullføre nokon av dei. No var eg nøydd til å ta fatt på ein tredje Harstad-roman, i embeds medfør. Som ein del av kulturbyåret Stavanger 2008, skal alle niandeklassingane i Rogaland skal få Johan Harstad sin nye spesialskrivne roman Darlah som kom ut på CappelenDamm no i haust. Eg skal vere med på overrekkinga i min kommune i morgon, og i det høvet har eg lese boka.

NASA, USA sitt sentrale organ for romforsking, set under mystiske omstende i gang eit lotteri for ungdom over heile verda mellom 14 og 18 år. Premiane er gjeve; 3 ungdommar skal verte trekte ut til å bli med på ei romferd til månen, til ein månebase, Darlah, som ingen nokon gong tidlegare har høyrt snakk om. I ei storstilt reklamekampanje vert ungdommar oppmuntra til å melde seg på i konkurransen.

Vi møter Mia frå Stavanger som spelar i band, Midori frå Tokyo som ikkje føler at ho passar inn blant dei andre ungdommane ho går på skule med, og Antoine frå Paris som er saman med drømmekjærasten.

Darlah har alt ein ungdomsroman treng for å bli ein god ungdomsroman: Kjærleik, teite foreldre, spenning, kjærleikssorg og ei kjensle av å vere annleis. Dette er verkeleg ei spennande bok, så spennande at det av og til gjekk kaldt nedover ryggen på meg. Men det er med Darlah som mannen min seier det er i filmen Haisommer: Det er skumlast før ein ser haien. Likevel er dette ein ungdomsroman vel verdt å lese, og eg trur mange ungdommar vil like han godt.

3 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, denne gleder jeg meg til å lese. Har bare lest den første boka til Harstad. Buzz Aldrin kom jeg meg aldri gjennom. Men denne tror jeg at jeg skal like. Så fint at niendeklassingene får denne boka!

Aina Basso sa...

Dette er andre gongen eg har høyrt godt om denne boka, så den får eg vel lese, eg òg! Eg syntest også Buzz Aldrin blei langdryg, trass i god skriving, men denne er både kortare og meir spennande, etter alt å døme (sjølv om ho vel er på o. 400 sider).

Tove sa...

Lille søster: Eg tykkjer og det er fint. No håper eg dei les henne. Biblioteket mitt skal ha dei på nytt besøk etter jul for å snakke om boka og gje nye boktips. :-)

Aina: Ja, kortare veit eg ikkje akkurat, dei er no nokre store kollossar alle Harstad-bøkene. Men handlinga i denne går fortare framover, og boka er langt meir spennande enn dei førre, tykkjer no eg. ;-)