mandag 27. oktober 2008

Ei fantastisk vindfelle


I går var heile familien på førestillinga Vindfella på Kvassheim fyr. Førestillinga var ein del av Stavanger 2008-prosjektet On the Edge. Bjørn Arild Ersland las frå den nye boka si Doktor Løvlands vindfelle til musikk av og med Johan Egdeveit og Odd Børge Sagland, og til visuell kunst (som det heitte i reklamen) av og med Vegar Hoel. Og for ei fantastisk førestilling!


Å høyre forfattarar som les godt lese frå eigne bøker, er alltid gildt. Eg har ikkje tidlegare høyrt Bjørn Arild Ersland lese høgt, men kan seie no: Han er verkeleg god. Han har ei behageleg stemme, og les med innleving, samstundes som han les svært tydeleg. Johan Egdeveit spelte knappetrekkspel (akkordeon?), medan Odd Børge Sagland spelte trommer. Musikken var spesiallaga til førestillinga, går eg ut frå. I alle fall passa han svært godt. Både vind, torever, kjærleik og spenning vart flott uttrykt av desse to. Det same klarte Vegard Hoel med to videoprosjektørar, som skiftevis viste illustrasjonar frå boka (laga av Marvin Halleraker), flotte naturfotografi og illustrerande teiknekunst (laga av Vegar Hoel på staden). Skiftevis er forresten ikkje eit dekkande ord. Nokre gonger låg dei ulike elementa oppå kvarandre, nokre gonger ved sida av kvarandre, og nokre gonger fekk Hoel dei til å sveve rundt, på vegger, tak, golv og publikum.


Alle dei fire (fem om ein inkluderer Halleraker) gjorde sitt til at det vart ei førestilling som kjem til å sitje i minnet lenge, men utan forteljinga til Bjørn Arild Ersland, ville ikkje dei andre hatt noko å bli inspirerte av. Doktor Løvland, som ikkje er ein doktor som veit skilnaden på ei forkjøling og eit beinbrot, har sett seg føre å lage ei vindfelle, for å skåne øya Kavre og innbyggjarane der (kavringane) for den store tyfonen som skal kome. Ved hjelp og inspirasjon av Merete, som han nok vert forelska i, greier han å lage ei stor vindfelle. Beskrivinga av korleis han vert inspirert, korleis han byggjer vindfella, og korleis ho virkar er humoristisk og lun. Dette er ei bok som er perfekt til sitje-i-armkroken-lesnad for dagar der ein treng litt humor ilag, men ho passar og bra til høgtlesing for større grupper.


Heldigvis låg det eksemplar til kjøps på fyret. Vi kjøpte. Det bør du og gjere. Eller låne, sjølvsagt. Og om du skulle vere så heldig at denne førestillinga kjem til ein stad i nærleiken av der du bur, så bør du ikkje tenkje at 250 kroner er mange pengar for ein familiebillett. Vindfella er verdt kvar krone!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for tipset, Tove. Vet du om denne forstillingen blir gående en stund på Kvassheim fyr eller i Stavangerregionen (som det heter så fint)? Kunne vært moro å fått med seg ut fra det du forteller :-)

Tove sa...

Det dumme er at det var siste førestilling vi var på. Ho har vore på fyra på Eigerøy, Tungenes, Obrestad, Feistein og Utsira allereie. Eg håper jo for alle dykk som ikkje fekk det med seg at dette er ei førestilling som og skal brukast utanfor prosjektet On the edge. Men eg veit ikkje.

Anonym sa...

Skjønner at jeg må få tak i denne boka :-) Marvin Hallerakers bildebok Høyt over husene er forresten også veldig fin.

Tove sa...

Den har eg ikkje lese enno. Må nok låne henne i morgon. Takk for tipset, Jorid! :-)