torsdag 9. oktober 2008

Lesestart

Eg har rett og slett vore nervøs. Boka har lege der og freista, men ho har samstundes lete meg skyve henne bak i køen. Eg hadde så lyst til å like henne. Å ikkje like henne ville vore ei ærleg sak. Men eg har følgd prosessen frå forfattar til forlag, fram og tilbake i mange rundar, og har kjend at eg har vore spend på resultatet. Og ikkje nok med det. Det har kome meldingar. Mange meldingar. Gode meldingar. Svært gode meldingar. Men tenk om eg ikkje ville like henne likevel?

Nervøsiteten følgjer meg fire-fem sider. Eller, eigentleg veit eg ikkje om det er så lenge ein gong. For brått er det gått ein time, nitti sider, og det er langt over leggetid.

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Hm.. Hvilken bok kan dette være? Har en liten anelse.

Tove sa...

Eg tippar at du tippar rett. ;-)
Eg les vidare i dag, og håper på å få lagt ut ein bloggpost i kveld, dersom vesleguten legg seg fint.