torsdag 2. oktober 2008

Vennene har blitt uvenner


I 2005 kom Trond Brænne og Per Dybvig med biletboka Venner, som handla om vennene skjæra, høna, hesten, grisen og kaninen. I år har Kaia, Bendik og Trond Brænne saman med Per Dybvig kome med ny bok om vennene på garden. Denne gongen vert dei uvenner på grunn av misforståingar og krangel om ein pinne.

Eg likte Venner, men Uvenner fell endå betre i smak hjå meg. Det heile startar med at skjæra ryddar i reiret sitt. Under ryddinga tek ho ut alle kvistane frå reiret og legg dei i ein haug på bakken. Dermed startar ein slags stafett av dyr som finn ein pinne dei likar: ”Det var sannelig en fin pinne, tenkte [høna]. – Den får jeg sikkert bruk for en gang.” (Frå Kaia, Bendik og Trond Brænne: Uvenner, Aschehoug, 2008: andre oppslaget.)

Repetisjonane er morosame, og forventningane stig hjå lesaren ettersom ein lurer stadig meir på korleis dette skal ende. Det går som det må gå; til slutt vert det ein slåsskamp, så brutal at pinnen vert øydelagt. Og enden er langt frå god, men peikar kan hende mot endå ein oppfølgjar? Mitt store ønske er at Trond Brænne tek med seg Kaia og Bendik også neste gong.

5 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, denne falt i smak her også. En veldig enkel og morsom historie, litt som "Geitekillingen som kunne telle til ti". Og tegningene er så bra!

Tove sa...

Samd. Eg får meir og meir sans for Dybvig.

Astri Ulland sa...

Interessant at det kommer småbarnsbøker hvor det ikke er 'happy ending' - det gjaldt jo den forrige du omtalte, også. Men det ender vel ikke i håpløshet og elendighet, heller?

Kjekt at du anmelder barnebøker, så kan jeg gå inn her og finne referanser etter hvert som barnebarnet når de aktuelle alderstrinnene!

Tove sa...

Ein vakker dag endar med håp, i alle fall. Uvenner ender slik: "Og så ble de stående langt fra hverandre og var uvenner til sola gikk ned." (Frå Kaia, Bendik og Trond Brænne: Uvenner, Aschehoug 2008: siste oppslaget.) Men ettersom det er ei humoristisk bok, reknar eg det ikkje som korkje håplaust eller elendig. Det kjem jo ein ny dag i morgon, gjer det ikkje?

Astri Ulland sa...

Javisst! :-)

Fin slutt!