søndag 12. oktober 2008

Den nye bloggen


Kokebokhylla mi
(Biletet lyg - så ryddig er ho sjeldan.)


No trivst eg så godt med blogginga at eg godt kunne tenkje meg å blogge om andre ting og. Sidan Skattkista skal vere ein heilt rein bokblogg, har eg dermed starta ein ny blogg i tillegg, Husstellærardottera. Der skal eg blant anna skrive om dei bøkene som eg også er svært oppteken av, men som eg ikkje har vigd noko plass til her, nemleg kokebøkene mine. Husstellærardottera skal nemleg hovudsakleg vere ein matblogg. For alle som er interesserte ønsker eg velkommen over!

P.S. Eg skal sjølvsagt halde fram med Skattkista-blogginga likevel.

Ingen kommentarer: