onsdag 5. mars 2008

Ingvar Moe igjen

Denne gongen frå Himabrent, som kom på Samlaget i 1979:


På heimveg

i botnen på ein fjordarm
inne i ein svart prikk
på kartet
ventar nokon på deg

båten din nærmar seg nå
og du må nok krøkja deg
endå litt meir saman
for kvar dagen
skal du rekka
å bli liten nok
til å sleppa inn
i prikken

søndag 2. mars 2008

Lene Kaaberbøl: Skuggeporten


Eg er svært glad i å lese fantacyromanar skrivne for barn og unge, og den nye boka til Lene Kaaberbøl var ikkje noko unntak: Snop for meg!


Mor til Anna forsvann for sju år sidan, og sidan har Anna og faren budd i eit drivhus i hagen, sidan faren meiner det er for farleg å bu inne i huset. Men no er Anna fjorten år, og treng fleire svar og betre forklaringar enn dei ho tok til takke med då ho var sju.


Eg las Skammarens dotter då den kom i 2003, og likte ho godt. Når ein jobbar i skulebibliotek på ein nynorskskule, er det og herleg kvar gong det kjem ut ei god bok på nynorsk. Skuggeporten kan falle i smak hjå mange av mine lånarar, trur eg.