søndag 2. mars 2008

Lene Kaaberbøl: Skuggeporten


Eg er svært glad i å lese fantacyromanar skrivne for barn og unge, og den nye boka til Lene Kaaberbøl var ikkje noko unntak: Snop for meg!


Mor til Anna forsvann for sju år sidan, og sidan har Anna og faren budd i eit drivhus i hagen, sidan faren meiner det er for farleg å bu inne i huset. Men no er Anna fjorten år, og treng fleire svar og betre forklaringar enn dei ho tok til takke med då ho var sju.


Eg las Skammarens dotter då den kom i 2003, og likte ho godt. Når ein jobbar i skulebibliotek på ein nynorskskule, er det og herleg kvar gong det kjem ut ei god bok på nynorsk. Skuggeporten kan falle i smak hjå mange av mine lånarar, trur eg.

4 kommentarer:

Elin sa...

Denne virker spennende.
*bestille til skolebiblioteket*

leselama sa...

Min "ekspertleser på 14" var ikke like begeistret for denne som Skammarserien... Når det er sagt, så la hun den ikke vekk heller. Den var bare ikke like fengende, skjønte jeg.

Aina sa...

Eg har lese nokre av Skammarbøkene, men er ikkje heilt ferdig med heile serien enno. Kjekt å høyre at også andre vaksne les og liker bøkene til Kaaberbøl!

Tove sa...

Aina: Gode bøker treng eigentleg ikkje aldersgrenser, veit du. I alle fall ikkje oppover... Og når ein jobbar i skulebibliotek, må ein jo halde seg oppdatert på barne- og ungdomsbokfronten og. Fint då at det finst så mange gode barne- og ungdomsbøker der ute. ;-)