fredag 19. desember 2008

Nummer tre


I august 1997 får Jarle Klepp eit brev frå politiet. Dei ber han om å ta ein blodprøve for å sjekke om han er far til Charlotte Isabel Hansen, ei sju år gammal jente han aldri har høyrt om før. Blodprøva er positiv. Jarle har blitt far. Like etter kjem nok eit brev. I brevet står det at Anette Hansen, mora til Charlotte Isabel, skal reise ei veke til Syden, og vil at Jarle skal ta seg av dottera så lenge.

Den nye boka til Tore Renberg, Charlotte Isabel Hansen (Oktober 2008), handlar om veka i september 1997 då far og dotter møtest for første gong, og om korleis veka dei bur saman artar seg.

Eg las Mannen som elsket Yngve då den kom i 2003, og likte henne såpass godt at eg ikkje var i tvil om at eg ville lese den neste boka om Jarle, Kompani Orheim, som kom i 2005. Kompani Orheim var eit sterkt familieportrett, og eg har sidan anbefalt å utstyre seg med lommetørkle før ein les henne.

Når det no endeleg var min tur i bibliotekkøen til å få heim Charlotte Isabel Hansen, vart alle andre bøker lagde bort til fordel for denne. Og eg vart ikkje skuffa denne gongen heller. Renberg skriv intenst, og eg liker det. Det får fram kjenslene mine overfor romankarakterane. Eit stykke ut i boka var eg sint på Jarle. At han kunne oppføre seg på det viset! Men eg har likevel kost meg heile tida, ledd høgt fleire gonger, og til sist funne fram lommetørkleet igjen.

Tore Renberg har i høve utgjevinga av denne boka uttalt at han kunne tenkje seg å skrive om Jarle Klepp resten av forfattarskapen sin. Enkelte kritikarar har mislikt dette. Eg er ikkje blant dei. Kjem det fleire Jarle Klepp-romanar, sluker eg dei glatt! Og koser meg!