torsdag 13. september 2007

Lekkert omslag


Har endeleg fått heim Safrankjøkkenet av Yasmin Crowther som vi skal lese i lesesirkelen til neste gong. Boka kom på norsk i fjor, og har lenge stått å freista meg med lekkert omslag. Så då ein storlesande lånar kom og fortalde at det var den beste boka ho hadde lese på lenge, bestemde eg meg for å ta ho med i forslagshaugen til lesesirkelen. Og no er ho vald. Eg gler meg!

6 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for boktips! Den noterer jeg meg for å kikke nærmere på. Følger spent med her også, for å høre hva lesesirkelen kommer fram til.

Ønsker meg egentlig en lesesirkel jeg også. Hvordan er din sammensatt, og hvordan startet dere?

Tove sa...

Ei venninne og eg bestemde oss for 2 1/2 år sidan for å starte lesesirkel. Vi tok med ei venninne kvar, og ei av desse tok også med seg ei venninne. Då var vi fem, og fann ut at det var passe mange. Vi var redde for at ikkje alle skulle kome til orde dersom vi vart fleire. Første gongen vi kom saman bestemde vi reglane for lesesirkelen. Vi hadde tidlegare høyrt om desse to variantane:

1. Verten/vertinna er einerådande, og bestemmer kva for ei bok lesesirkelen skal lese til neste gong.

2. Kven som helst kan bestemme kva for bøker som skal lesast, og det betyr ingenting om vedkommande har lese boka frå før.

Ein kollega av meg er med i den første varianten, og er godt nøgd med det. Mor mi har vore med i variant 2 i 20 år (!), og er godt nøgd med det. Ho las forresten ei annonse frå biblioteket (for 20 år sidan, altså), som oppfordra dei som hadde lyst til å vere med i ein lesesirkel om å møte opp til ei oppsett tid. Dermed kom 12 ukjende menneske saman, og har halde fram med det (med nokre utskiftningar undervegs).

Lesesirkelen min valde ein tredje variant:

3. Vertinna finn fram 3-5 bøker som ho har lyst til å lese. Det vert avstemming om kva for ei av bøkene som skal lesast til neste gong. Har nokon lese nokre av bøkene frå før, kan desse (bøkene, altså) ikkje vere med i avstemminga.

Dermed får alle høve til å velje bøker på omgang, og alle er saman med og einast om det endelege resultatet. Vi får lese mange bøker, og mange vi ikkje ville ha lese elles. Som eg har nemnt tidlegare bruker vi til slutt (etter lange samtalar og diskusjonar) terningkast, og har opplevd samstemde 5-arar, men og 6-ar og 2-ar for same bok.

Vi er bare damer, men det er ikkje eit prinsippielt val. Yrkene bibliotekar, lærar og fysioterapeut er representerte.

Tove sa...

Lykke til med å lage lesesirkel, forresten! Har sett ein lapp om lesesirkel på oppslagstavla i biblioteket mitt, så det er jo og ein måte å gjere det på. Elles så kan du kanskje fiske etter lesefrendar på bloggen din?

Anonym sa...

Åh, takk for langt og konstruktivt svar! :-) Nå fikk jeg litt av hvert å tenke på. Å bruke bloggen som en "annonseplass" har jeg også vært inne på tanken om... det er i alle fall en mulighet. Jeg vil uansett tro at geografisk nærhet vil spille en stor rolle om man skulle tromme sammen ukjente mennesker.

Høres ut som om det er en interessant lesesirkel du er med i. Varierende med enighet og uenighet. Det skaper spenning og rom for diskusjoner. Slikt kan jeg like. :-)

Kan jeg spørre hvor ofte dere samles og hvor lenge dere holder det gående av gangen?

Tove sa...

Spør i veg så mykje du lystar. :-)

Vi møtest med omlag 1 1/2 månads mellomrom. Det må korkje bli for kort tid i mellom (då vert faren for at nokon ikkje rekk å lese større) eller for lang tid i mellom (både fordi vi då har lett for å gløyme kva vi tenkte då vi las boka - sjølv om nokre av oss faktisk tek notatar, og fordi vi tykkjer vi har det så fint at det ville vere dumt å la det gå månadsvis mellom kvar gong).

Vi held på omlag 3-3 1/2 time, men det avheng og ein del av svangerskap, amming, barnevakter osv, sidan vi alle 5 er småbarnsmødre. :-)

Å bu i rimeleg nærleik er ein fordel, sjølv om eg kjenner til ein lesesirkel som har 6 medlemmer på Jæren og eitt i Oslo-området. Oslo-medlemmet reiser ofte i jobben, og då vert jær-møta lagt til hans reiser, medan heile lesesirkelen ein gong i året tek ei heil lesesirkelhelg i Oslo.

Anonym sa...

Du er en knupp! :-) Nå svarte du på mer enn jeg turte spørre om. Takk, snille du!

(Tror jeg misunner deg den lesesirkelen - på den gode og riktige måten, selvsagt - den høres riktig fornuftig, givende og velfungerende ut!)