tirsdag 2. september 2008

Tove les engelsk - endeleg



Eg har lenge hatt ein plan om å styrke engelsken min ved å lese ei bok eller to på engelsk. For å gjere det lett for meg sjølv hadde eg ein plan om å lese Harry Potter-bøkene om att - på engelsk. Men det vart snarare ei kvilepute enn eit spark bak. For eg les jo sjeldan bøker fleire enn ein gong - bortsett frå høgtlesing, då (jf. førre innlegg).

Men no har redninga kome - gjennom anbefaling og lån frå ein kollega har eg byrja å lese Alan Bennetts The uncommon reader. Den uvanlege lesaren er dronning Elisabeth II av England, som ein dag ho går tur med hundane sine oppdagar ein bokbuss utanfor slottet. Ho ser seg nøydd til å låne ei bok, som ho les, men slett ikkje liker, og ved leveringa av denne låner ho ei bok til. Boklån nummer to viser seg å vere eit godt val, og dermed gjev lesinga meirsmak. Dronninga vert ein pasjonert lesar.

Eg les i sneglefart i forhold til kor fort eg les ei bok på norsk. Ordboka ligg ved sida av meg, og eg slår opp litt innimellom. Men til mi glede og overrasking forstår eg det meste. Og så kosar eg meg storleg. Her er britisk humor og understatements. Bennett har klart det eg ikkje tykte Johan Harstad fekk til: Han har gjort romanfigur av ein person (og i Harstads tilfelle litterær person) som alle lesarar kjenner til frå før, og klart å lage ein god roman av det. Det er kosteleg å lese både om dronningas skarpe tunge og om tenarane rundt henne som ikkje heilt veit å setje pris på den nye (og altoppslukande) hobbyen hennar. Som her, kor dronningas privatsekretær føreslår at dei skal lage ei pressemelding om lesinga:


"[...] it would help if we were able to put out a press release saying that, apart from English literature, Your Majesty was also reading ethnic classics."
"Which ethnic classics did you have in mind, Sir Kevin? The Kama Sutra?"
Sir Kevin sighed.
"I am reading Vikram Seth at the moment. Would he count?"
Though the private secretary had never heard of him he thought he sounded right.


(Frå Alan Bennett: The uncommon reader, Faber and Faber 2007, s. 45.)

4 kommentarer:

Aina sa...

Etter å ha lese om denne på to bloggar, samt ein omtale i Dagsavisen, kjenner eg ei lyst til å også bli underhaldt av denne fine historia. Kanskje dette blir neste bok ut?

Jorid sa...

Så morsomt - denne har jeg også blogget om. Veldig sjarmerende bok! Den har forresten akkurat kommet på norsk også.

Ståle sa...

Denne skal jeg ha tak i. Hørtes ut som ei bok vel verd å lese :-)

Tove sa...

Det er det så absolutt! :-)