søndag 26. august 2007

Kjærleik

Kan vi få for mange gode kjærleiksdikt? Nei, eg trur ikkje det. Her er eit av Claes Andersson frå Jag har mött dem (1976).



Etude för sommarvind

Hon går med vinden i sitt hår
Jag älskar hennes sätt att gå
Jag älskar hennes sätt att gå
med vinden i sitt hår
Jag älskar sättet
vinden går i hennes hår
och vindens sätt
att gå i hennes hår
Jag älskar när hon går
Jag älskar hennes sätt att gå med vinden i sitt hår
Jag älskar vindens sätt med hennes hår
Jag älskar vindens sätt att gå i hennes hår
Jag älskar henne
då hon går med vindens sätt att gå i hennes hår
Jag älskar henne och jag älskar vinden
när hon går med vinden i sitt hår
och vindens sätt att älska hennes hår
Jag älskar henne när hon går med vinden i sitt hår

fredag 24. august 2007

Romanlesing

Les eg ikkje romanar lenger? Jau, eg gjer det. Men eg manglar overskotet eg hadde i ferien til å skrive om kva eg har lese her i bloggen. Men ei lita liste over kva eg har lese og likt sidan sist kan eg spandere:

Selma Lønning Aarø: En rekke avbrutte forsøk (2007)
Anne B. Ragde: Ligge i grønne enger (2007)
Art Spiegelman: Maus (1993)
Helle Helle: Rødby-Puttgarden (2006)

I tillegg har eg byrja på og lagt bort eit par. Kva les eg no? Aviser. Skal snart starte på ein ny roman, men er ikkje sikker på kva for ein det blir. Har ein del alternativ, men eg landar nok på ein av dei nye teikneserieromanane eg lånte på biblioteket i sommar.

Dikta om paven

Dette og fleire flotte dikt om paven har Gro Dahle skrive om i debutsamlinga Audiens som kom på Cappelen i 1987.



Når paven blir trett
tar han tøflene av
og tasser med føttene
små hvite puter
over marmor og teppe
bort til senga
Ruller seg innunder laken
ruller seg godt innunder
laken og teppe
Krøller seg sammen
med den store katten
inntil den store
brunstripete katten
Og han får sove
nesten
med en gang

torsdag 23. august 2007

Meir lokal poesi

eg er
ingenting
er som meg




Helge Torvund (frå Opp i dagen, Samlaget 2005)

tirsdag 21. august 2007

Ord frå meisteren



Tåre, du tarv ikkje falla

Det var lite for deg
men mykje for meg:
Eit smil då det galdt
og eit handtrykk var alt.

Tåre,
du tarv ikkje falla,
eg veit du er salt.


Olav H. Hauge

mandag 20. august 2007

Sårt, men sant

Tek i dag med eit vakkert dikt av Arvid Torgeir Lie. Kvar gong eg les det kjenner eg ei sår kjensle inni meg, fordi dette er ei redle også eg innst inne har, sjølv om det nok eigentleg er ei grunnlaus redsle.


Du

Redd for at du ein dag plutseleg
dukkar opp hjå meg
og seier at vi har vore
lenge nok saman nå,
og at du vil vende attende til ditt
einstad bak i tida
som om ingenting var hendt.

søndag 19. august 2007

Vakre ord for mimring

Dette diktet av Eeva Kilpis gjekk lesesalen rundt fleire gonger då eg studerte nordisk. Det byrjar visst å bli nokre år sidan, men ditet er like vakkert framleis, tykkjer eg.


Säg till om jag
stör, sa han när
han steg in, så
går jag med det
samma.
Du inte bara
stör, svarade jag,
du rubbar hela
min existens.
Välkommen.