onsdag 30. januar 2008

I desse miljøtider

I dag tek eg fram eit gammalt dikt av Gunnar Roaldkvam, frå diktsamlinga På sykkel mot stjernene som kom ut på Samlaget i 1995. Det er sjeldan eg tykkjer dialekt (i motsetnad til nynorsk) gjer seg i skriftleg form, men hjå Gunnar Roaldkvam er det i grunnen bare sjarmerande, tykkjer eg:


På sykkel mot stjernene

Det nytte ikkje
å nå stjernene
med sykkel.

Det e ikkje sikkert
det e så viktig
å nå stjernene heller.

Men stjernene
forsvinne ikkje
når me bruge
sykkel.

lørdag 5. januar 2008

Gunnar Staalesen: Dødens drabanter


Første forfattar ut på mi leseliste for 2008 vart Gunnar Staalesen. Eg har ikkje lese ei einaste Varg Veum-bok tidlegare, men no har eg altså starta, med den sist utkomne: Dødens drabanter frå 2006. Forklaringa er sjølvsagt lesesirkelen. Dette er neste bok ut til diskusjon.


No når eg endeleg har kome ut av mi Les-nesten-bare-krim-tid, bruker eg krimbøker som avslapping og avlasting blant annan litteratur. Etter mi noverande meining, bør krimbøker ikkje lesast for ofte, dei skal vere lettlesne, helst ha litt detektivprivatliv med på kjøpet, og dei skal ha godt språk.
Dødens drabanter er nesten der: Det er ei stund sidan eg las ei krimbok sist (Jo Nesbøs Snømannen som eg las i juni var den førre, trur eg), ho var lettlest og ho hadde detektivjobb og detektivprivatliv i ei saleg blanding (slik det anar meg at det kanskje ofte er i ei Varg Veum-bok?). Og så får ein jo Bergens-nostalgi med på kjøpet, og det er ikkje dumt for ein tidlegare Bergens-student.
Språket var og for det meste godt. Men kjære Bergens-forfattarar (det gjeld mange av dykk, inkludert Staalesen): Ver greie å få ekstra konsulenthjelp og språkvask dersom de prøver dykk på nynorsk! I Dødens drabanter gjeld det gjengjeving av nynorsknære dialektar. Det går med Staalesen som det gjekk med min kjære då han skulle forklare kor lett det er for han som bergensar å høyre om eit substantiv er hokjønns- eller hankjønnsord: "Ta solen for eksempel. Alle kan jo høre at det ikke er hunkjønn." Så sant, så sant. Men eg kosa meg for det meste, altså.

2007: Mindre strikking, meir lesing

Det er tid for oppsummering av leseåret 2007. Kor mykje eg les, avheng av kor mykje anna eg gjer. 2006 var strikkeåret, eg "gjenoppdaga" strikkinga, og strikka mykje. Dermed vart det lita tid til lesing. I 2007 derimot, las eg svært mykje, og det vart dermed lita tid til strikking.

Lesne bøker i 2007: ca. 50 (I følge "Gammalskattkista" mi har eg "lese og likt" 37 bøker. I tillegg har eg lese ein del barnebøker som eg ikkje har ført på lista. Dessutan har eg jo også lese nokre som eg ikkje likte...)

Likte best: Audrey Niffeneggers Den tidsreisendes kvinne, Barbara Kingsolvers Gifttreet, J. K. Rowlings Harry Potter og dødstalismanene, Mark Haddons Den merkelige hendelsen med hunden den natten, Gunnar Ardelius si Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt, Magda Szabos Døren, Randa Abdel-Fattahs Ser hodet mitt stort ut i denne? og Hilde Myklebusts Berre dagar seinare.

Største nedturar: Olaug Nilssens Få meg på for faen, Val McDermids Gravmerket og David Baldaccis Vinneren

Beste (og einaste) omattlesing: Anna Gavaldas Saman er ein mindre aleine

Leseplanar for 2008:
Johan Harstads Hässelby (som eg har starta på, men slit med å kome gjennom)
Jens M. Johanssons Bisettelsen har funnet sted (som eg er halvvegs i)
Hanne-Vibeke Holsts Min mosters migrene eller Hvordan jeg ble kvinne (som eg og er komen eit stykke i)
Kyrre Andreassens Svendsens catering, Yvonne C. Kuhns Den riktige Rafferty, Kristin Auestad Danielsens Nynorsken, Fred Uhlmans Forsoningen, Lene Kaaberbøls Skuggeporten, Ellisiv Lindkvists Alt jeg skriver er sant og Margaret Skjelbred: Andrea D (som alle er innlånte, og som ventar på tur)
Alexandra Fullers Ikke la oss gå i hundene i kveld (som eg fekk lyst å lese då eg las dette)
Erling Aadlands Ditt uforglemmelige fravær

Så vert det jo spennande å sjå kva for nokre av desse eg faktisk les.

Nokon som har lyst til å fortelje om sine leseopplevingar i 2007? Og kanskje kome med nokre lesetips?

søndag 9. desember 2007

Ferdig?

Ein kan vel neppe nokon gong bli ferdig med ei bok som Gifttreet, men no har eg i alle fall lese henne ut. Eg overlet til Siri å fortelje om henne, men vil bare vise til at boka no er komen inn under Mine favorittar. Og eg stuper til biblioteket for å finne meir av Barbara Kingsolver. Må nok ha ein romanlesepause etter denne, elles vert det urettvist overfor neste bok. Aviser, juleblad (!) og bloggar får vere lesestoffet mellom juleførebuingane denne veka.

onsdag 5. desember 2007

Gamle bøker om igjen

Eit par bøker før eg starta på Gifttreet gjorde eg noko som eg ikkje har gjort sidan Vigdis Hjorts Anne + Jørgen = sant, trur eg. Eg las ei bok som eg har lese før. Boka som fekk æra av å vere den einaste dobbeltlesne boka i mitt vaksenliv var Anna Gavaldas Saman er ein mindre aleine. Den er, som ein sikkert vil forstå, ei av mine absolutte favorittar. Og eg må seie at ho gav meg like mykje glede denne gongen som ho gjorde for eitt års tid sidan. Eg angrar ikkje eit sekund på dobbeltlesinga.

Siri på Bookhouse girls spurde for nokre veker sidan lesarane sine om kva for bøker eller filmar dei gret av. Det er sjeldan eg gret av bøker (den førre var Tore Renbergs Kompani Orheim), men eg gret ofte av filmar. Men bøker set meg likevel ofte i bestemte stemningar. Eg vert oppstemt av bøker som Saman er ein mindre aleine, og kan motsett også bli svært nedstemt av ein del bøker. Så ein av grunnane til å lese Gavalda om att, var jo og å kome i godt humør.

fredag 30. november 2007

Skumle anbefalingar

No har Barbara Kingsolvers Gifttreet lege i har-lyst-å-lese-hylla mi sidan i sommar. Eg lånte henne fordi eg hadde lyst til å lese henne. Det har blitt nokre fornyingar. For eg har liksom ikkje heilt visst om eg skulle tore å starte likevel. Siri på Bookhouse girls har skrive at dette er ei av dei beste bøkene ho har lese. Og dermed fekk eg jo lyst til å lese henne. Men så er det det der med forventningar, då. Tenk om eg ikkje skulle like henne fordi eg hadde for høge forventningar til henne? Så ho har altså blitt liggande. Og kvar gong det var tid for å starte på ei ny bok, heldt eg henne i handa og tenkte: Skal eg starte på denne, tru? Men nei: Torer ikkje! Men no har motet endeleg kome, og eg har starta. Og det er eg verkeleg glad for! Eg er bare eit par kapittel i veg, men det er ei fascinerande forteljing.

torsdag 8. november 2007

Økland-favorittar 1

Einar Øklands barnelitteratur har ein heilt spesiell plass i hjartet mitt. Han har så mange fine og underlege tekstar! Her er det diktet eg likar aller best, frå barnebokdebuten Du er så rar (Samlaget, 1973):



Grøn mose

I den grøne mosen
har regnet krope ned.
Set deg i den grøne mosen
så skal du kjenne det.