Eit par bøker før eg starta på
Gifttreet gjorde eg noko som eg ikkje har gjort sidan Vigdis Hjorts
Anne + Jørgen = sant, trur eg. Eg las ei bok som eg har lese før. Boka som fekk æra av å vere den einaste dobbeltlesne boka i mitt vaksenliv var Anna Gavaldas
Saman er ein mindre aleine. Den er, som ein sikkert vil forstå, ei av mine absolutte favorittar. Og eg må seie at ho gav meg like mykje glede denne gongen som ho gjorde for eitt års tid sidan. Eg angrar ikkje eit sekund på dobbeltlesinga.
Siri på
Bookhouse girls spurde for nokre veker sidan lesarane sine om
kva for bøker eller filmar dei gret av. Det er sjeldan eg gret av bøker (den førre var Tore Renbergs
Kompani Orheim), men eg gret ofte av filmar. Men bøker set meg likevel ofte i bestemte stemningar. Eg vert oppstemt av bøker som
Saman er ein mindre aleine, og kan motsett også bli svært nedstemt av ein del bøker. Så ein av grunnane til å lese Gavalda om att, var jo og å kome i godt humør.