tirsdag 6. januar 2009

Litt for stor storleik


Under litteraturfestivalen Kapittel 08 høyrde eg forfattar Arne Svingen lese høgt frå den nye boka si King Size (Cappelen Damm 2008). Eg vart fascinert av historia om småflypiloten som flaug ein ung mann inn i Aust-Tyskland frå vest for å hente kjærasten sin på eit jorde langt ute på den austtyske landsbygda, og fekk lyst til å lese boka.

Tenåringen Didrik vinn ein jojo-konkurranse og får reise til USA. Der startar han eit verdsomspennande nettverk av ungdommar som held kontakten i fleire tiår. Gjennom nettverket finn Didrik venner og kone, men og inntekter. Medan vi følgjer Didrik frå ungdom til vaksen, følgjer vi og Europas historie frå slutten av 1970-talet og fram til i dag.

Boka er på 389 sider, og kunne med fordel vore 100 sider kortare. Eg var sofaliggjande med ei hard forkjøling ei heil veke då eg las King Size, og orka ikkje tanken på å starte på ei ny bok, sjølv om det var for mykje prat i den eg hadde i hendene. I tillegg til det pratsomme, verkar det som om forfattaren verkeleg vil få vise lesaren kor mykje han hugsar av 1980-talet. Det vert litt slitande i lengda. Eg las boka ut, og det var grei sjukelesing, men eg hadde ei skuffande kjensle av at høgdepunkta, dei hadde Arne Svingen allereie lese høgt for meg.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Tove jeg finner mange gode tips hos deg. Men jeg slett ikke så flink til kommentere. Men glad gor bloggen din - det er jeg. Jeg har tatt meg den frihet å gi deg en pris. Kikk hit.

Anonym sa...

Nå ble jeg glad fordi jeg fant bloggen din! Den var nemlig fin.

Tove sa...

leselista mi: Tusen takk! :-) Eg blei veldig glad for prisen. Håper at eg får krefter til å blogge snart. Slike hyggelege prisar hjelper jo, så klart!

knirk: Gildt at du blei glad! Det blei eg og, nemleg! :-) Hyggelege kommentarar er alltid fine å setje i banken, slik at ein kan ta dei fram i tunge stunder. :-)

Bloggergutt sa...

Hei!

Fin blogg! Jeg har linket opp til bloggen din på http://www.leserglede.com/norsk-bok-blog-link.html.

Det ville være hyggelig om du linket til leserglede også. Enten til forsiden (http://www.leserglede.com/index.html) eller til bloggen Godt lesestoff http://www.leserglede.com/wordpress/


Takk, og lykke til videre!


Mvh
Peter