lørdag 3. januar 2009

Mange romanar på ein gong


Tittelen 80 romaner for deg som har det travelt (skriven og teikna av Henrik Lange, utkomen på Schibsted i 2008) vitnar om så mykje humor at eg bare måtte låne han på biblioteket. Og humor får ein. Kvart oppslag gjev ei side med tittel, forfattar, året boka kom ut og når forfattaren er fødd (og eventuelt døde). I tillegg finst det her på ein del av romanane ei lita tilleggsopplysning av eitt eller anna slag. Til dømes har boka Redderen i rugen frå 1951 av J.D. Salinger denne tilleggsinformasjonen: ”Morderen hadde denne boken på innerlommen da han skjøt John Lennon.” (Frå Henrik Lange: 80 romaner for deg som har det travelt. Schibsted 2008: 86.) Om informasjonen er relevant eller interessant spelar lita rolle i ei bok som denne. Kuriøs er han i alle fall. Neste side i oppslaget er via innhaldet i romanen. Sida er delt i fire teikneserieruter, to oppe og to nede, der ruta øvst til venstre inneheld romantittelen. På tre teikneserieruter vert det ikkje plass til korkje mykje tekst eller mykje teikning. Og det er heile poenget.


Eg fekk mang ein god lått på den snaue timen det tok å lese boka. Det er sjølvsagt mest morosamt med dei romanane ein har lese og hugsar godt. Til dømes har Lange ei glimrande tre-ruters-tolking av J.R.R. Tolkiens Ringenes herre (heile trilogien). Men ein vert litt rar til sinns når Langes tolking av ei bok ein sjølv har lese inneheld element ein absolutt ikkje kan hugse. Til dømes vart eg sitjande og gruble ei stund etter Langes tolking av Jo Nesbøs Flaggermusmannen.


Men det raraste er sjølvsagt å lese ei tre-ruters-tolking av ein roman ein ikkje har lese. Eg vil absolutt anbefale ein liten times litteraturlått over Henrik Langes 80 romaner for deg som har det travelt, men leselyst gav ho meg ikkje. Langes versjonar av dei romanane eg ikkje hadde lese, gjer nok at desse ikkje kjem til å kome på leselista mi nokon gong. Men det er kanskje ikkje så farleg?

7 kommentarer:

Anonym sa...

Men biblioteket har jo ikke utlånbare eksemplarer... Hm?

Titta

Tove sa...

Eg har høyrt rykte om at det ordnar seg likevel, eg, Titta. ;-)

Tone sa...

Denne boka har jeg på innkjøpslista mi. Gleder meg til å få tak i den og lese den, tror jeg kommer til å få meg en god latter eller to jeg også! ;)

Tove sa...

Det trur eg nok du får, Tone. ;-) Gildt at du kom innom og la inn ein kommentar! :-)

Astri Ulland sa...

Jeg lo bare en gang: Bibelen!

Og så smilte jeg til Bokhandleren i Kabul, og Factotum.

Ellers ble jeg lite berørt.

Men presentasjonen av krimbøkene, og andre bøker der spenningen utløses til slutt i boka, den gjorde meg sur. Spoileradvarsel er hermed avlevert!

Anonym sa...

Jeg leste denne i fjor. Jeg husker at jeg lo godt av Bibelen jeg også. Jeg synes hele ideeen med å presentere en roman over 3-4 tegneserieruter er sprø og genial. Helt uventet og det likte jeg.

Tove sa...

leselistami: Det var det eg og gjorde. :-) Gildt at du kom innom!