onsdag 30. juli 2008

Haustleg leseglede

Nyheitene kjem seint til provinsen. Eller eg er dårleg til å følgje med. Eller begge deler, i kombinasjon med at eg ikkje abonnerer på Dagsavisen. Die Pointe, bitte? Jau, Dagsavisen gav 18. juni (!) ut eit bokbilag, som eg nett har fått tak i på min lokale Norli-bokhandel. Der vert deler av bokhausten presentert, blant anna gjennom ei forlagsvis liste over ”haustslepp”.

Mmm. Eg har kost meg og gledd meg over forfattarar og titlar og kome fram til denne lista over bøker eg vil lese av bokhausten 2008:

Lars Saabye Christensen: Bisettelsen
Gert Nygårdshaug: Fortellerens marked
Jan Kjærstad: Jeg er brødrene Walker
Torun Lian: Undrene i vår familie
Geir Gulliksen: Et ansikt som minner om norsk politikk
Marianne Fastvold: Kjærlighet for viderekomne
Per Petterson: Ny roman (tittel førebels ukjend)
Tore Renberg: Charlotte Isabel Hansen

No skal det seiast at pianoet mitt er neddynga av bokbunker som er hamstra inn frå biblioteket til sommarferielesinga. Dei fleste av desse har eg ikkje byrja på enno. Og sommarferien min hadde sin siste dag sundag. Men hausten er lang, leselysta er stor, humøret er på topp og optimismen ser ut til å spreie seg. Så dei fleste av desse får eg nok lese, trur eg. Det er dessutan gildare å ha ei ”har-lyst-til-å-lese-liste” enn ikkje å ha ei, tykkjer eg.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, nå kan bokhøsten bare komme :-) Betryggende å vite at det er mye å se fram til!

Aina Basso sa...

Såg du at boka mi vart tilrådd i det bokbilaget, då? :)

Mi aller første tilråding!

Tove sa...

Jorid: Nemleg!

Aina: *rødme* Klart eg gjorde! Men den anbefalinga hadde eg jo lese om på bloggen din for lenge sidan, så derfor så smilte eg, bladde vidare, og gløymde (skrekk og gru!) å føre boka di opp på lista. Skal rette det opp att med eit innlegg i dag!
Ei anbefaling frå Stian Hole står sterkt i kurs, spør du meg. Eg er ein stor beundrar både av illustrasjonane hans og av biletbøkene der han både har laga tekst og illustrasjon.

Aina Basso sa...

Huffa - var ikkje meininga å tilføre noko lesepress her, altså! Var berre litt stolt av akkurat det der ;)

Men eg er einig i det du seier om Hole. Han er ein veldig spennande og flink forfattar og illustratør - og i tillegg er han kanskje verdas hyggelegaste mann!

Tove sa...

Oppfatta det slett ikkje som press. Men eg har faktisk lenge tenkt at eg skal lese boka di når ho kjem ut.

Aina Basso sa...

Det er i så fall veldig hyggeleg!