tirsdag 29. juli 2008

Lilla og grønt


Som eg kan hende har nemnt tidlegare, har eg lett for å velje (og dessverre også velje bort!) bøker ut frå korleis omslaget ser ut. Slik "omslagssnoping" vert det jo nokre bomskot av, men denne gongen har eg vore heldig, trur eg.


Grønt er det næraste eg kjem ein yndlingsfarge (klesskåpet mitt er fullt av grøne plagg...), og i det siste har eg funne ut at grønt og lilla verkeleg kan vere ein fin kombinasjon. Dermed var det kan hende ikkje så rart at eg fall for omslaget til Madeleine Thiens Det vi ikke vet. Nydeleg omslag, tykkjer eg. Har ikkje kome så langt enno, er bare drøyt 60 sider på veg, men no har eg kome inn i tempoet (det går sakte, sakte), og er fascinert. Matthew har nett har mista dattera si. Han hugsar tilbake til september 1945, då han budde med foreldra sine på Britisk Nord-Borneo, og opplevde japanske soldatars invasjon og tilbaketrekking i ei tid då Japan var rysta av dei amerikanske atombombenedslaga. Sterke krigsminne sett gjennom Matthew som bare var ein liten gut. Korleis har det prega han seinare? Eg reknar med at boka etterkvart vil gje svar.


Men sterke scener krev ein del pausar. Det passar bra. Framleis er eg i novelleverda til Gunnhild Øyehaug (Knutar, 2004) og les òg eit og anna essay i Per Pettersons Månen over porten frå 2004.

7 kommentarer:

Astri Ulland sa...

Enig med deg - fint omslag! Boka virker interessant for meg fordi:

Tidligere i sommer leste jeg en gulnet gammel bok fra 1946, arvet etter min farfar: Jon Herseys 'Hiroshima'. Den er bygget på intervjuver med en del av de overlevende, og samtidig som det er 'sterk kost', så er formidlingen så nøktern at det er til å holde ut å lese den. Så jeg tror jeg skal våge meg på denne krigsromanen, også, og få historien fra en annen vinkel. Jeg skal stille meg i kø!

Anonym sa...

Har også peilet meg inn på denne, men har ikke kommet så langt at jeg har fått begynt på den ennå...

Aina Basso sa...

Kva synest du om Øyehaug, så langt?

Tove sa...

Titta: Og så er det ikkje bare ein krigsroman heller. Er spent på både din og min dom etter ferdig lesnad. ;-)

Jorid: Spent på di meining og når du kjem så langt.

Aina: Eg er så veldig, veldig lei meg fordi det bare er to noveller igjen. Den novellesamlinga er snop for meg!

Aina Basso sa...

Eg set henne sporenstreks på leselista mi. Har fått henne tilrådd for lenge sidan, og no i det siste har eg tenkt alvorleg på å lese henne :)

Tove sa...

Gled deg! Men hugs at for mykje snop på ein gong vert ein kvalm av ;-). Eg har brukt fleire veker på boka, bare tillete meg å lese ei eller to noveller til dagen. Kos, kos.

Aina Basso sa...

Eg skriv meg det bak øyret!
Det er jo elles noko av det geniale med noveller. At ein ikkje treng å få overdose.