søndag 27. juli 2008

Joann Sfar: Rabbinerens katt (Egmont, 2006)

Rabbinerens katt er ein teikneserieroman om livet i Alger sett gjennom augene til nettopp rabbinarens katt. Boka gjev humor, innsikt og god strek, men ho var ikkje så altoppslukande lettlest som eg har tykt ein del andre teikneserieromanar har vore. Dette var ikkje negativt – det gav meg snarare småpausar til å lese i ei novelle- og ei essaysamling eg held på med samstundes. Tre bøker samstundes er ikkje kvardagskost for meg, særleg ikkje når alle tre er gode. Men alle tre krev pausar innimellom, så då passar dei jo godt i lag. Og altså: Eg vil anbefale Rabbinerens katt på det sterkaste!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg må bare si: Hurra, du blogger igjen! :) (Men linken din til meg er veldig utdatert. ;))

Tove sa...

Takk! Gildt med ei så hyggeleg tilbakemelding! Er i form til å halde fram ei stund no, trur eg.
;-)

Skal prøve å rette opp i lenker og anna som måtte vere i uorden. Beklagar!

Anonym sa...

Denne skal jeg ha tak i. Fikk veldig lyst til å se verden gjennom denne kattens øyne - selv om jeg er hundemenneske på min hals :-)

Tove sa...

Gled deg!:-)