torsdag 2. august 2007

Henning Mankell: Italienske sko


Ein må vere i det rette humøret for at bøker skal falle i smak, trur eg. Ei bok med lite handling passar ikkje når ein er i no-må-det-skje-mykje-humør. Og det gjeld sjølvsagt andre vegen og: Eg venta nesten eit år etter utgjevinga før eg las Jo Nesbøs Frelseren, sjølv om eg er svært glad i Harry Hole-historiene. Eg var bare ikkje i krim-humør.

Henning Mankells Italienske sko går sakte, og det skjer ikkje så mykje i hovudpersonen Fredriks liv. I alle fall ikkje i starten. Han har sjølv valt å trekke seg tilbake på ei øy, bare med selskap av hunden og katten sin. Og så maurtua han har i stova. Eg likte det rolege tempoet, og at ting ikkje skjedde hals over hovud. Det passa meg godt. Akkurat då. Har bare lese krim av Mankell før. Den er det klasse over. Og så kan han det tydelegvis også utanfor krimsjangeren. Herleg!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Tove, prøver meg på en kommentar...
Du seier du bare har lese krim av Mankell før. Då vil eg tipsa deg om "Vindens sønn". Den er flott syns eg.
Helsing Astrid på Vigrest...

Tove sa...

Så gildt med tips, Astrid! Den vil eg lese!

I tillegg vil eg gje deg eit tips: For at du ikkje skal kome opp som "Anonym" i kommentarfeltet, kan du når du skal velgje identitet velgje "Annet". Då får du høve til å kalle deg "Astrid", "Astrid på Vigrest", "Vigrest-bibliotekaren" eller noko anna morosamt du kjem på. Du treng ikkje logge deg inn, og du treng ikkje gje frå deg e-post-adressa di viss du ikkje vil. Prøver du? :-)

Anonym sa...

Eg prøver..

Anonym sa...

Det skal eg gjera. Eg er nokså ny når det gjeld blogging...

Tove sa...

Flott!
Eigentleg er eg og det, det var derfor eg hadde så lyst til å prøve korleis det virka. :-)