fredag 24. august 2007

Romanlesing

Les eg ikkje romanar lenger? Jau, eg gjer det. Men eg manglar overskotet eg hadde i ferien til å skrive om kva eg har lese her i bloggen. Men ei lita liste over kva eg har lese og likt sidan sist kan eg spandere:

Selma Lønning Aarø: En rekke avbrutte forsøk (2007)
Anne B. Ragde: Ligge i grønne enger (2007)
Art Spiegelman: Maus (1993)
Helle Helle: Rødby-Puttgarden (2006)

I tillegg har eg byrja på og lagt bort eit par. Kva les eg no? Aviser. Skal snart starte på ein ny roman, men er ikkje sikker på kva for ein det blir. Har ein del alternativ, men eg landar nok på ein av dei nye teikneserieromanane eg lånte på biblioteket i sommar.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Man skal ikke kimse av tegneserieromaner! :)
Hvilke har du lånt?

Anonym sa...

Om du får tid og overskudd sånn videre ut på høsten en gang, så hadde det vært fint å høre hva du synes om "Rødby-Puttgarten". Den har jeg også lest, nemlig. ;-)

Tove sa...

Elin: Eg lånte "Sort hull" av Charles Burns og "Epileptisk" av David B. Sort hull starta eg på, men den vart for ekkel og voldsom for meg. Epileptisk las eg i helga, og den var heilt grei, men heller ikkje meir enn det, tykte eg (sterk 4-ar i terningkast - eg driv med slikt :-)). I sommar har eg lese og likt både Marjane Satrapis "Persepolis" og Craig Thompsons "Tepper", og dei likte eg godt begge to, så eg kjende meg litt skuffa etter desse to eg lånte no. Men det er jo sjølvsagt med teikneserieromanar som med andre romanar: Ikkje alle er like gode, og alle kan ikkje fenge alle. Har du nokon å anbefale meg, forresten?

Leselama: Prøver meg på ein kortversjon her. "Rødby-Puttgarten" var verkeleg god, tykte eg. Godt språk! Det skjer jo ikkje så mykje i romanen - eller, det er feil, det skjer mykje daglegliv. Men som vi veit frå Krinsereglane" er det jo ikkje mengda dramatikk som er avgjerande for om ei bok er god eller ikkje, snarare om ho er godt skriven eller ikkje. Og "Rødby-Puttgarten" er både godt skriven og velkomponert. Ein sterk 5-ar. ;-)

Elin igjen: No held eg forresten på med ein trilogi som eg reknar med du har fått med deg, sidan du held deg så oppdatert på ungdomslitteratur. Viss ikkje kan eg på det sterkaste anbefale han! Men han er såpass fengjande at du nok bør vente til du er ferdig med Bragepris-lesinga di. :-)
Eg snakkar om Bente Clods trilogi "Englekraft", "I vilden sky" og "Himmelfall". Held på med bok to no. Førsteboka las eg det året ho kom på norsk. Kan hende noko for Leselama også, dette. Eg anbefaler ofte gode ungdomsbøker til vaksenlånarane mine, og har bare fått gode tilbakemeldingar.

Anonym sa...

Det har jeg. Alt av Neil Gaiman! :) Jeg vet ikke hva de heter på norsk, jeg har lest dem på engelsk.

Tove sa...

Takk! Skal sjå om eg får tak i nokre av han.