fredag 10. august 2007

Jodi Picoult: Min søsters vokter


Anna vert fødd for at blodet frå navlestrengen hennar skal redde søstera Kate, som har leukemi. 13 år gammal har ho gjeve både blodplater og beinmarg til søstera, og byrjar å lure på om ho ikkje har verdi som anna enn livreddaren til søstera. Etter fjorårets debatt om donorsøsken, er det fascinerande å skulle lese ein roman der du kjem midt inn i den etiske debatten.


Ei av dei første bøkene vi las i lesesirkelen var Heksene i Salem Falls av Jodi Picoult. Romanen handlar om ein lærar som er tiltalt for overgrep mot ei mindreårig jente. Alle lesesirkelmedlemmane likte boka godt, og det var ikkje lenge før eg las endå ein Picoult-roman, Den enkle sannhet, der ein død baby vert funnen i løa til ein Amish-famile. På baksideteksten på Min søsters vokter heiter det at "Jodi Picoult er en mester i å skrive innsiktsfullt og engasjerende om viktige etiske spørsmål". Det er eg samd i.


Forteljarstemmene i romanen skiftar. Det er snart Anna, snart mor hennar, far hennar eller andre i hennar nære omgangskrins som fører ordet. Det styrkar forteljinga og gjer ho endå meir interessant, tykkjer eg. Under lesinga av første halvdel er eg lukkeleg, og kjenner at Jodi Picoult nok ein gong har skrive ein roman av det verkeleg gode slaget. Men utover i andre halvdel byrjar småfeila og omsetjinga å irritere meg. Dei førre to eg las, var omsett av Sissel Busk. Denne er omsett av Heidi Grinde, og ho har slett ikkje gjort ein like god jobb. I tillegg må korrekturlesaren ha hatt ein litt dårleg dag. Dette bør ein kanskje heve seg over om ein sit med ein verkeleg god roman i fanget, men når siste side er lesen, sit eg att litt skuffa. Det vart rett og slett litt vel handlingsmetta og urealistisk på slutten. Som om forfattaren hadde litt for mange idear til korleis det skulle ende, og følte at ho måtte bruke alle på ein gong.


Er det likevel ein roman eg vil anbefale. Tja, eg trur det. Men meir som ein roman som gjev deg innsikt og tankar rundt etikken ved legaliseringa av donorsøsken enn som den perfekte forteljinga.

1 kommentar:

CassandraMortmain sa...

Dårlig korrektur er en uting i romaner. Det hjelper ikke hvor god fortellinga er, for trykkleifer rykker leseren ut av historien og skaper irritasjon.