mandag 4. august 2008

Fleire knutar, takk!

Eg har lese ut Gunnhild Øyehaugs Knutar, men tykte 22 knutar var for få. Her finst vare, humoristiske og rare noveller. Mange av dei er ikkje lenger enn 2-3 sider. Men alle er gode. Og eg, som vanlegvis ikkje kan seie om teksten eg har lese var på nynorsk eller bokmål, merka at om eg las ei novelle, og deretter las noko frå ein bokmålstekst, så tenkte eg snurt etter eit par-tre linjer: Men dette er jo på bokmål! Det vitnar om forvitneleg (for å bruke eit Hauge-ord) språk frå Øyehaug si side. Eg gler meg til romanen Vente, blinke kjem til biblioteket mitt. Den skal lånast og lesast!

1 kommentar:

Anonym sa...

Åh ja, det er en nydelig novellesamling den knutebunten der! :-)