torsdag 14. august 2008

Nigeria igjen

Eg les framleis frå bunka med ”optimistisk” litteratur, som tidlegare nemnt funne gjennom Ønskebok. Tilfeldigvis er handlinga også denne gongen lagt til Nigeria. I Helen Oyeyemis Ikarosjenta er hovudpersonen Jess 8 år, har nigeriansk mor og engelsk far, og er fødd og oppvaksen i England. Jess held seg mykje for seg sjølv, liker til dømes godt å sitje i timesvis inne i eit skap, og dette bekymrar foreldra, særleg mora. Ho bestemmer derfor at heile familien skal ta ein tur til familien hennar i Nigeria, for første gong for Jess sin del. Her møter Jess, i tillegg til bestefar, tanter, onklar og søskenbarn, ei jente på sin eigen alder. Jess gjev henne namnet TillyTilly, og dei to jentene leikar i lag, sjølv om TillyTilly ikkje ønsker at andre enn Jess skal sjå eller treffe henne.

Førebels er eg svært nøgd med bokvalet mitt. Eg har ikkje kome så langt i boka, men eg kjenner at eg er uroleg. Uroleg for Jess. Vil det skje noko fælt med henne (som ho antydar tidleg i boka)? Tittelen uroar meg og. Kven er Ikarosjenta? Jess eller TillyTilly? Kva inneber det i så fall? Dessutan undrar eg også på om TillyTilly er ein verkeleg person, eller bare eit produkt av Jess sin fantasi, ein såkalla ”usynleg ven”. Og alle spørsmåla mine gjer det endå meir interessant å lese vidare.

Ingen kommentarer: