tirsdag 12. august 2008

Problemet med ei god bok om litteratur

Ein kan jo ikkje kalle det eit problem at Månen over porten av Per Petterson er ei god bok. Ein kan jo ikkje det. Men likevel. Problemet med å lese ei så god bok om litteratur og lesing, er at den indre leselista vert så forferdeleg mykje lenger enn ho var. Og eg seier den indre leselista, for eg kan absolutt ikkje skrive ned alle bøkene eg får lyst til å lese når eg les om dei i Månen over porten. Då ville det ha virka for uoverkomeleg. Men lista vert lenger. Heldigvis. Eg nyt boka i små porsjonar. Verkeleg nyt. Er komen over halvvegs, men er ikkje ferdig enno. Heldigvis.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg var også veldig begeistret for Månen over porten. En av de bøkene som har fått permanent oppholdstillatelse i bokhylla!

Tove sa...

Eg har vurdert om eg og skal kjøpe henne. Eg kjøper sjeldan bøker, men nokre er jo viktigare å ha enn andre. Denne for eksempel?