onsdag 27. august 2008

OL som lesefremjande tiltak

Eg ser sjeldan sport på fjernsyn. Så medan OL-sendingane har rulla i mange kanalar, har eg lese meir enn vanleg. Det er herleg, men fortel meg og at eg vanlegvis ser meir på fjernsyn enn eg trur eg gjer. Ikkje det at det er noko gale i å sjå på fjernsyn. Men ein vert no ofte sitjande å sjå program ein ikkje har planlagt å sjå, og som kan hende ikkje er så gode heller, og det stel jo frå lesetida. Men i det siste har eg altså hatt gleda av å kose meg med fleire godbitar:

I fjor las eg Barbara Kingsolvers Gifttreet frå 2000, og det vart ein av mine favorittromanar. Derfor vart eg både glad og redd då eg oppdaga at endå ein av Kingsolvers romanar var omsett til norsk, Frodig sommer frå 2003. Glad fordi eg likte Gifttreet, og dermed kunne håpe på å få ei like god oppleving av ein annan roman av same forfattar, men samstundes redd for at forventningane mine ikkje skulle bli innfridde, og at eg skulle bli skuffa av å lese Frodig sommer. Heldigvis var det ingen grunn til redsla; eg likte boka godt, sjølv om ho ikkje er så stor som eg tykte Gifttreet var. Forteljinga er lagt til USA, og vi ser verda gjennom augene på tre ulike personar som lever i ei lita bygd tett ved ein nasjonalpark. Økologi og plantevern står sentralt som tema. Synsvinkelskifta i romanen gjer han spennande; å sjå verda med ulike briller er jo gjerne det.

Har såvidt snust på 2008-utgjevingar tidlegare i år, og den første av årets norske romanar var Sara Johnsens White Man (Gyldendal). Eit norsk par på ferie i varmare strok får ein ubehageleg ende på ferien. Dette er forteljinga om kva som hende og korleis dette usannsynlege kunne skje. Ei ubehageleg historie eigentleg, men godt skrive, og ikkje nokon krim, altså, viss det vesle eg har skrive skulle forlede nokon til å tru det. Det er alltid gildt å ha noko av årets litteratur å anbefale når nokon spør meg på biblioteket.

Akkurat no held eg på med to gode romanar til: Nevil Shutes En by som Alice og Alan Bennetts The Uncommon Reader. Begge gjer meg godt, og eg kjem nok til å lage ein bloggpost på minst ei av dei om ikkje så lenge.

På pianoet, der innlånte bøker ventar på den rette lesetida, ligg Mari Grydelands Prikkedøden, Trude Marsteins Gjøre godt, Lydia Minatoyas Skjønnhetens mystikk, Orhan Pamuks Det tause huset, Jojo Moyes si Over havet, Gabriel Garcia Marquez si Kjærlighet i koleraens tid og Sara Lidmans Multelandet, i tillegg til nokre biografiar, diverse barnelitteratur og ei essaysamling. Så eg får nok vere flink til å skru av fjernsynet når det dukkar opp dårlege program framover dersom eg skal rekke over alt dette. No kjem jo nemleg snart haustens godbitar til biblioteket mitt, og då hiv eg meg jo over dei og. Mykje å glede seg til.

5 kommentarer:

Lille søster sa...

Jobber du på bibliotek?

nefertiti sa...

Så kjekt at du kommenterte hos meg. Ellers er det slett ikke sikkert at jeg hadde funnet din skattkiste. Jeg gleder meg til å dykke dypere ned i den i løpet av høsten :-)

Aina Basso sa...

Merkeleg nok hadde OL nett same verknad på meg :)

Tove sa...

Lille søster: Ja, det gjer eg. Og det eg gler meg meg mest over i jobben min er når lånarar (små eller store) går ut av biblioteket med ei bok i handa og stjerner i augene fordi dei gler seg til å få lese boka dei akkurat har fått lånt seg. Derfor er det og gildt å ha mykje å anbefale - og då må ein jo lese ein del.

Nefertiti: Hugsar ikkje lenger korleis eg kom til deg, men eg plar trykke meg inn til dei som kommenterer på dei bloggane eg les, og då kjem eg over mange fine bloggar - blant andre din. Håper du liker deg i skattkista.

Aina: Det finst fleire av oss. Eg hadde eit par desperate lånarar innom ein dag rett etter OL-starten som fortalde det same. :-) Eg fekk forresten ei fin bok i posten i går. Kan du gjette kven som er forfattaren?

Aina Basso sa...

Tja. Eg kan jo prøve ;)