søndag 4. januar 2009

Leseåret 2008 – ei litt sein oppsummering

I følgje Sven Egil Omdal, multimedie- og kulturredaktør i Stavanger Aftenblad, er det bare menn som tykkjer at å setje opp lister er morosamt. Eg er usamd. Eg liker både gamleskattkista og halvårsoppsummeringar. Her er ei oppsummering av leseåret som nett var til ende. 2008 var året då eg las 54 bøker for vaksne, fordelt slik:

32 romanar.
Av desse var det fleire høgdepunkt:
Heidi Marie Kriznik: Borte en vinter (Oktober 2007)
Geir Gulliksen: Våkner om natta og vil noe annet (Oktober 2001)
Lloyd Jones: Mister Pip (Cappelen Damm 2008)
Chimamanda Ngozi Adichie: Dyprød hibiskus (Gyldendal 2006)
Jojo Moyes: Over havet (Cappelen 2007)
Muriel Barbery: Pinnsvinets eleganse (Arneberg 2008)

3 novellesamlingar.
Det absolutte høgdepunktet blant desse var Gunnhild Øyehaug: Knutar (Cappelen 2004)

9 teikneseriar/teikneserieromanar.
Høgdepunktet var Lene Ask: Hitler, Jesus og farfar (Jippi 2006)

Dei ti gjenståande bøkene er ei blanding av biografiar (2 stk), diktsamling (1 stk) og diverse anna. Høgdepunkta blant desse var lydboka av Våre venner kinesarane, innlesen av forfattar Are Kalvø sjølv, i tillegg til Mustafa Can: Tett inntil dagene (Cappelen 2008)

I år har eg byrja å skrive ned kva for barne- og ungdomsbøker eg les og, og oppdaga at det vert ganske mange i løpet av eit år: 40 stykke. Og når eg tenkjer etter, er det sikkert fleire; eg skriv bare ned dei eg kan anbefale. Å rangere ei så vidt forskjellig gruppe bøker som dette er, er vanskeleg, her finst både biletbøker, romanar og fagbøker, men blant høgdepunkta finn eg Lene Kaaberbøls Skuggeporten (Samlaget 2007) , Vidar Sandbecks bøker om Påsån (Cappelen, diverse år), Aina Bassos Ingen må vite (Samlaget 2008) , omattlesinga av Eva Ericssons Bella og Gustav. Fire bøker i ett bind (Bokklubbens barn 1983) og Marvin Hallerakers Høyt over husene (Mangschou 2007).

2008 var året då eg endeleg las ein roman på engelsk – og likte det.

30. juli skreiv eg i bloggen om kva eg hadde for leseplanar for hausten:
Lars Saabye Christensen: Bisettelsen
Gert Nygårdshaug: Fortellerens marked
Jan Kjærstad: Jeg er brødrene Walker
Torun Lian: Undrene i vår familie
Geir Gulliksen: Et ansikt som minner om norsk politikk
Marianne Fastvold: Kjærlighet for viderekomne
Per Petterson: Jeg forbanner tidens elv
Tore Renberg: Charlotte Isabel Hansen

Dagen etter putta eg to bøker til på lista:
Aina Basso: Ingen må vite
Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke

Her eg sit i januar gjev lista meg ein god lått; eg har bare lese to av titlane i haust. Kva har skjedd? Eg har vel lese andre ting i staden, tenkjer eg. Ingen må vite og Charlotte Isabel Hansen er både lesne og blogga om. Bisettelsen er for lengst stroken av lista grunna dårlege kritikkar. Undrene i vår familie, Vente, blinke og Kjærlighet for viderekommende ligg klare på pianoet. Dei resterande har eg rett og slett ikkje kome til enno. Det finst nok fleire sjansar. Eg lagar ingen leseliste for 2009. Men eg kjem med ein liten spådom: Eg trur ikkje 2009 vert året då eg sluttar å lese. Godt leseår, godtfolk!

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Bare menn som liker lister? For noe sprøyt!
Du har jammen lest mange bøker!

Tove sa...

Ja, det blei visst ein del i år, Lille søster. Lesing er gildt! Og nødvendig! I alle fall for meg ;-)